Aktuelt
Ni førarar blei stoppa i 50-sone
Fredag kveld gjennomførte Utrykkingspolitiet trafikkontroll på Lyseklostervegen.
Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post. Han skriv at det i 50-sona var ni førarar som køyrde for fort.
– Høgaste hastigheit var 66 km/t, skriv Birkeland.
Ver obs på løsna kumlokk
På Osvegen i retning Vallaheiane nær Bjørkåsen, har eit kumlokk løsna og blitt borte vekk. Det er open kum.
Det melder Vegtrafikksentralen kl. 18.10.
Entreprenør er på veg. Men, ver obs!
Liafjelltunnelen opna igjen
E39 Liafjelltunnelen vart kl. 19.16 stengt på grunn av køyretøystans, men opna igjen kl. 19.21.
Det melde Vegtrafikksentralen.
Tok beslag i softgun
- Ca kl 18.30 onsdag tok politiet beslag i en softgun, som ein ung gut, 13 år, bar på, opplyser Anne Lyssand, fagleiar førebyggjande og politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Dette skal ha vore i Os sentrum.
Ifølgje Lyssand vil guten vil bli følgt opp i det førebyggjande sporet, med bekymringssamtale saman med verge.
Fyrverkeri i Hagavik
Rundt klokka 20.30 laurdag kveld fekk politiet melding om at det blei skutt opp fyrverkeri i Hagavik.
Då politiet kom til staden var utøvarane borte. Politiet kom difor ikkie i kontakt med nokon i samband med hendinga, skriv politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til Os & Fusaposten søndag morgon.
Fekk melding om "ring på spring"
Litt etter klokka 20.00 laurdag, fekk politiet melding om "ring på spring" og sparking på dør litt utanfor Os sentrum.
Patruljen kom til staden, men traff ikkje dei som skal ha stått bak episoden korkje der eller i nærleiken, opplyser politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til Os & Fusaposten søndag morgon.
Lyshorntunellen stengt i retning Os
Klokka 21.22 skriv Vegtrafikksentralen vest at Lyshorntunnelen på E39 er stengt i retning Os. Årsaka er eit vogntog med havari i køyrebanen.
Feststøy i Hagavik
Klokka 01.48, natt til laurdag, fekk politiet melding om feststøy frå ein privat adresse i Hagavik. Etter kvart kom det fleire meldingar frå staden og klokka 03.00 drog politiet til adressa og gav festdeltakarane pålegg om å holda ro.
– Det kom ikkje fleire meldingar om støy etter dette, opplyser politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til Os & Fusaposten laurdag.
Elles fortel politiet om eit roleg siste døger i kommunen.
Påkøyrsle bakfrå på Halhjemsvegen
Klokka 11.30 fredag melder Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på Halhjemsvegen. Ein bil skal ha køyrd på ein annan på Halhjemsvegen. Det er ikkje meldt om personskade.
Ulukke i Hagåstunnelen
110 Vest melder fredag morgon om ei trafikkulukke i Hagåstunnelen i Samnanger. Éin bil skal ha køyrt i fjellveggen. Naudetatar er kring kl 9 på veg til staden.
Fekk melding om forlatt bål
Brannvesenet fekk torsdag ettermiddag melding om eit forlatt bål på Edne i Lysefjorden.
- Brannmannskap er på staden og vurderer om bålet må sløkkjast, skriv 110 Vest på X.
"Ikkje heilt heldig køyring"
Litt etter klokka 13 tysdag fekk politiet melding om ein motorsykkel med stor fart, høg lyd og nokre forbikøyringar som i fylgje meldar "ikkje var heilt heldige".
Føraren var ein mann i 60-åra, men det vart ikkje gjort nokre operative tiltak frå politiets side. Politiet hadde ikkje opplysningar om kor køyringa fann stad.
Kvinne i 60-åra meld til politiet
I halv fire-tida tysdag ettermiddag kontrollerte politiet ein kvinneleg bilist like ved Vallabrua. Kvinna blåste til 0 på alkometeret, men vert meld for køyring utan gyldig førarkort.
Må ut med over 10.000 kroner
Tysdag ettermiddag gjennomførte politiet ein åtferdskontroll på Hatvikvegen. Ein førar fekk eit forenkla førelegg på 10.450 kroner for bruk av mobil under køyring.
– Konteinarane er for besøkande på gravplassen
Dumpa i helga: Dei seinaste dagane er det nokon som har dumpa fleire syklar i grøntkonteinarane ved kyrkjegarden i Os sentrum. Privat Mellom "Tunet" og gravplassen i Os sentrum, står det konteinarar. Desse er for driftsavdelinga og ikkje minst dei som vitjar gravplassane. Men her er det også andre som får det for seg at det er greitt å kasta alt mogleg oppi, og sleppa turen til BIR i Kolskogen.
– Etter helga er det dumpa fleire syklar i konteinarane for grøntavfall. For oss er dette ekstraarbeid og ekstra kostnad dersom vi sjølv må betala for å levera det til avfallstasjonen, seier driftsleiar Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, Kenneth Molland.
Det er ikkje første gongen at dei opplever dette, fortel Molland.
– Vi har funne "alt mogleg" oppi konteinarane. Spesielt etter helgane. Ja, vi kan låsa konteinarane, men då er vitsen med å ha dei der borte. Folk må jo kunna nytta dei til det dei faktisk er der for.
Melding om forlaten motorsykkel
Kring klokka 9 måndag morgon, fekk politiet melding om ein motorsykkel som stod ved Lyse Kloster. Meldar skal ha lurt på om det hadde skjedd noko, eller om kanskje sykkelen var stolen.
– Politiet kontakta rett eigar, som sa at han hadde hatt problemer med køyretøyet og den ville blir henta/fjerna innan kort tid. Dersom sykkelen ikkje blir henta tysdag, vil politiet rekvirera bergingsbil, då køyretøyet står i ei møtelomme.
Ruskontroll: Politiet sjekka 102 førarar
Måndag morgon var politiet på plass på ferjekaien på Halhjem. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post. Der gjennomførte dei ruskontroll. I kontrollen skal dei ha sjekka 102 førarar, og politiet skal ikkje ha funne noko å reagera på.
Fekk 8.000 i gebyr
Statens vegvesen hadde torsdag kontroll på Svegatjørn kontrollplass. 92 køyretøy vart kontrollert.
Dette vart resultatet:
Eitt firma hadde ikkje fått på plass nytt løyve i køyretøyet. Dette resulterte i et gebyr på 6.000 kroner og bruksforbod inntil nytt og gyldig løyve var på plass.
Éin førar måtte sikra lasten sin betre før vidare køyring.
Eitt køyretøy fekk teknisk mangel grunna manglande skjerming av hjul.
Eitt køyretøy fekk teknisk mangel grunna feil med lysutrustning.
Seks førarar blei kontrollerte på køyre- og kviletid. Her blei det gitt 13 åtvaringar fordelt på fem førarar grunna mindre brot på reglementet.
Éin førar hadde eit større brot og vil få eit gebyr på 1000 kroner for dette.
- Ein annan førar hadde strekt strikken litt for langt, med tanke på kor lenge ein kan køyra utan helgekvile og vil bli politianmeldt for forholdet, skriv vegvesenet i ei pressemelding.
Eitt firma fekk eit gebyr på 8.000 kroner for ikkje å ha gyldig bombrikke-avtale.
- Alle køyretøy over 3.500 kilo som går i næring skal ha gyldig bombrikke, opplyser vegvesenet.
Observert på taket på Amfi
Torsdag kveld blei det, ifølgje politiet, observert ein ungdom på taket på Amfi.
- Ifølgje meldar skal guten ha gått rundt på taket i kring 20 minutt før han gjekk ned, sette seg i ein bil og køyrde frå staden. Ingen operative tiltak fra politiets side, opplyser Anne Lyssand, fagleiar for førebyggjande og politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Var på førebyggjande runde i sentrum
Torsdag ettermiddag var politiet på ein førebyggjande runde i området Os sentrum og Os bussterminal.
- Alt gikk stille og roleg for seg i sentrum. Ingenting å nemna om ungdoms åtferd, fortel Anne Lyssand, fagleiar for førebyggjande og politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Bustadnytt
-
Denne bustaden vart seld for nesten sju millionar
-
Leilegheita på Søfteland er no seld. Dette vart prisen
-
Høg kvadratmeterpris i Os: Sjå kva kjøparen av denne leilegheita måtte ut med
-
Heile lista: Så mange millionar kosta det dyraste huset i Bjørnafjorden
-
Nettopp seld. Kjøparen måtte ut med nøyaktig fire millionar kroner
-
Dette leilegheitssalet er ikkje så vanleg for Søfteland. Sjekk den høge kvadratmeterprisen
-
Kjøparane av denne bustaden måtte ut med over åtte millionar kroner
-
Einebustaden frå 1967 gjekk for 3.575.000 kroner. Sjå alle dei siste sala i Nordstrøno.
-
Sjå kva dei nye eigarane måtte leggja på bordet for 212 kvadratmeter
-
Leilegheita på Halhjem er no seld. Dette vart prisen
Vi e' Bjørnafjorden!
Debatt
-
Strengare krav er nøyaktig det oppdrettsnæringa treng no
-
DU er demokratiet – bli ein del av makta
-
Me kan ikkje ta likestillinga for gitt
-
Slava Ukraini!
-
La elvene leve!
-
Om å stikke hodet i sanden!
-
Nei! Golfbanen er ikkje byggeland
-
«Derfor er budsjettet ulovleg»
-
Nytt år og nye moglegheiter: Ta ansvar for din eigen digitale kompetanse
-
Veggen mot fjorden – skammens vegg
Ein smak av bygda
Næringsnytt
-
Pilene peikar nedover for dette selskapet
-
Alfa Bergsprengning AS registrerer ny adresse
-
Berre eitt år tidlegare har omsetninga vore høgare enn i 2024 for denne verksemda
-
Can8Ian AS skiftar forretningsadresse
-
Ny verksemd i Lepsøy
-
Registeret: Nytt føretak – Skog & Klatring AS
-
Denne gjengen kunne ønska velkomen til nyopning torsdag
-
Byvegen 81 AS registrerer ny adresse
-
Fløysand Service AS registrerer ny adresse
-
Eide Bigeskjeft & Service: Endra verksemdsbeskriving