– Konteinarane er for besøkande på gravplassen

Benjamin Olsen
syklar nytt konteinar boss
Dumpa i helga: Dei seinaste dagane er det nokon som har dumpa fleire syklar i grøntkonteinarane ved kyrkjegarden i Os sentrum.

Mellom "Tunet" og gravplassen i Os sentrum, står det konteinarar. Desse er for driftsavdelinga og ikkje minst dei som vitjar gravplassane. Men her er det også andre som får det for seg at det er greitt å kasta alt mogleg oppi, og sleppa turen til BIR i Kolskogen.

– Etter helga er det dumpa fleire syklar i konteinarane for grøntavfall. For oss er dette ekstraarbeid og ekstra kostnad dersom vi sjølv må betala for å levera det til avfallstasjonen, seier driftsleiar Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, Kenneth Molland.

Det er ikkje første gongen at dei opplever dette, fortel Molland.

– Vi har funne "alt mogleg" oppi konteinarane. Spesielt etter helgane. Ja, vi kan låsa konteinarane, men då er vitsen med å ha dei der borte. Folk må jo kunna nytta dei til det dei faktisk er der for.

Powered by Labrador CMS