Påkøyrd: Denne katten blei funnen på Byvegen måndag føremiddag.

Påkøyrd i Byvegen: – Han får sjokkbehandling no

I dag blei ein påkøyrd katt levert på Os Dyreklinikk.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatert klokka 10.30: Eigaren har meld seg.

– Han får sjokkbehandling. Det er det som er mest livstrugande nett no.

Det seier Cathrine Marie Daviknes, autorisert dyrepleiar ved dyreklinikken.

Stoppa i vegen

Tidlegare i dag kom ei kvinne på døra og leverte katten, som ho fann påkøyrd i Byvegen.

– Eg berre tok på naudblinken og stoppa. Katten forsøkte å springa bort, men han hadde ikkje styrke i bakbeina. Så eg fekk knabba han med meg, fortel kvinna.

Ho seier vidare at alle kan vera uheldige, men at det er viktig å stoppa. Det viser seg at den uheldige føraren i dette tilfellet, skal ha stoppa litt lengre borte og parkert, for så å gå tilbake for å sjekka korleis det gjekk.

Får behandling: Katten får behandling mot sjokk på dyreklinikken.

Som oftast skjebnesvangert

Føraren har teke kontakt med dyreklinikken etter hendinga.

– Dette er ein uheldig situasjon for alle, og det er flott at dei melder seg. Men det hender ganske ofte at vi får inn påkøyrde dyr, og det er svært sjeldan at det er dei som har køyrd på dei som kjem med dei her, seier Daviknes.

Som oftast er utfallet skjebnesvangert ved tilfelle som dette.

– Det blir som regel minst brot, og ofte må dyra avlivast grunna store skader, seier Daviknes og minner om kor viktig det er å merka kjæledyra.

– Hadde han vore chippa, ville vi ha funne eigaren med ein gong.

Ber preg av påkøyrselen

Alt tyder på at denne katten er eigd.

– Han er kastrert, og vi kan sjå at han har fått trekt eit par tenner. Han er nok nokre år gamal, og ser veldig fin ut. Litt for fin til å vera ein katt som berre går ute, seier Daviknes og legg til:

– No ber han veldig preg av å ha blitt påkøyrd.

Katten blei funnen i Byvegen mellom rundkøyringa ved AMFI Os og lyskrysset ved Kiwi Idrettsvegen.

Powered by Labrador CMS