Relatert innhald
Hamna i autovernet
Ein bilførar melde laurdag morgon frå om at vedkomande hadde hamna i autovernet på Holmefjord.
– Årsaka skal ha vore at føraren måtte svinga unna ein hjort. Politiet var ikkje på staden. Det er ikkje meld om personskade, men bilen vart taua bort, opplyser politistasjonssjef Terje Sperrevik.
— Spyttetest gav utslag på narkotika
Natt til søndag stoppa politiet ein bil i Os nord. Ein spyttetest på førar, ein mann i 20-åra, skal ha gitt utslag på narkotika.
— Det var mistanke om låg omrekna promille, så førarkortet blei ikkje beslaglagt, men det blei oppretta sak på forholdet og førarkortet kan bli beslaglagt basert på resultat av blodprøver, opplyser politiet.
Rygga inn i bil
Fredag i 13-tida fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Os-sentrum kor ein bil skal ha rygga inn i ein annan bil med 'veldig låg fart'.
Førar av bilen som rygga, var ein mann i 30-åra.
Politiet rykte ikkje ut, og forholdet blei løyst med skademelding.
Målt til 70 i 50-sona
Fredag i 11-tida hadde UP laserkontroll i Ulvenvegen i begge retningar i 50-sona.
Det resulterte i fire forenkla førelegg. Høgaste målte fart var 70 km/t.
Varsla føresette etter kontroll i Industrivegen
Torsdag mellom kl. 11.30 og 12.05 gjennomførte UP ein laser- og ådferdskontroll i Industrivegen.
Ein lett motorsykkel vart målt til 63 km/t i 50-sona. Føresette er varsla og det vart skrive ut eit forenkla førelegg.
18-åring fekk skiltgebyr
Torsdag føremiddag stansa UP ein lett motorsykkel på Nore Neset. Motorsykkelen hadde ein vinkel på skiltet som ikkje er innanfor dei krav som er sett.
Den 18 år gamle føraren vart ilagt eit gebyr for feil på kjennemerke, og ei melding om teknisk kontroll ved Statens vegvesen.
Fyrverkeri ved Nore Neset arena
Onsdag kveld i sjutida fekk politiet melding om at det var skote opp fyrverkeri i området ved Nore Neset arena.
Dette skal vera eit gjentakande problem.
Ingen operative tiltak frå politiet.
Bil i stolpe på Gudridflaten
Onsdag ettermiddag fekk politipatruljen melding "via via" om ein bil som hadde køyrt i ein stolpe ved ein parkeringsplass i området Gudriflaten.
Det vart ikke gjort noko opp mot hendinga frå politiets side.
Stolpen skal ikkje vera skadd, men det er meldt at bilen hadde skadar på sida.
Den aktuelle bilen skal ikke høyra til i Bjørnafjorden, og det er ukjent kven som var førar.
Mista førarkortet på Halhjemsvegen
Onsdag frå kl. 12.40 – 14.35 gjennomførte UP ein laser- og åtferdskontroll i 80-sona på Halhjemsvegen i retning Halhjem.
Det vart skrive ut 15 forenkla førelegg der høgste fart vart målt til 104 km/t.
Det var likevel ein annan førar som sette "fartsrekorden" og dermed både vart meld og mista førarkortet. Vedkomande vart målt til 116 km/t.
Sjekka utanlandske borgarar
Onsdag morgon var eit køyretøy med utanlandske borgarar kontrollerte av politiet nord for Os sentrum. Det vart ingen reaksjon i høve køyretøyet, men alle personane i bilen vart kontrollert opp i mot status på opphaldsløyve og funne i orden. Patruljen fekk bistand frå seksjon for utlending i politiet.
Fekk køyreforbod
Tysdag morgon gjennomførte politiet ein åtferdskontroll i Kolskogen. Éin førar ble ilagt køyreforbod for dekk utan mønster, fortel Anne Lyssand, fagleiar for førebyggjande oig politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Éin førar blei ilagt mangellapp for oljelekkasje, laust eksosanlegg med lekkasje, kjennemerke i feil vinkel og generell dårleg stand på MC-sykkelen.
Tre førarar blei ilagt mangellapp for køyring utan DB-killer (reduserer støy).
Ein gutt (f. 2008) vart meldt for å ha køyrt ein MC utan gyldig førarkort, ifølgje Lyssand.
— Han blåste til 0,00mg/l og sak blei oppretta, fortel Lyssand.
Tysdag kveld mista eit køyretøy eit hjul ved rundkøyring på Moberg.
Bergingsbil vart rekvirert.
— Ingen operative tiltak fra politiet, fortel Lyssand.
Promillekontroll i Strandvik
Laurdag kveld dukka politiet opp i Strandvik. Der stilte dei seg opp for å gjennomføra promillekontroll.
– Det var roleg og fint der, opplyser politistasjonssjef Terje Sperrevik.
På vel ein time, var det ikkje akkurat flust av bilar på vegen i Strandvik.
– Av loggen ser det ut til at dei stoppa og sjekka tre førarar. Alt var i orden, fortel Sperrevik.
Ver obs på løsna kumlokk
På Osvegen i retning Vallaheiane nær Bjørkåsen, har eit kumlokk løsna og blitt borte vekk. Det er open kum.
Det melder Vegtrafikksentralen kl. 18.10.
Entreprenør er på veg. Men, ver obs!
Liafjelltunnelen opna igjen
E39 Liafjelltunnelen vart kl. 19.16 stengt på grunn av køyretøystans, men opna igjen kl. 19.21.
Det melde Vegtrafikksentralen.
Tok beslag i softgun
- Ca kl 18.30 onsdag tok politiet beslag i en softgun, som ein ung gut, 13 år, bar på, opplyser Anne Lyssand, fagleiar førebyggjande og politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Dette skal ha vore i Os sentrum.
Ifølgje Lyssand vil guten vil bli følgt opp i det førebyggjande sporet, med bekymringssamtale saman med verge.
Fyrverkeri i Hagavik
Rundt klokka 20.30 laurdag kveld fekk politiet melding om at det blei skutt opp fyrverkeri i Hagavik.
Då politiet kom til staden var utøvarane borte. Politiet kom difor ikkie i kontakt med nokon i samband med hendinga, skriv politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til Os & Fusaposten søndag morgon.
Fekk melding om "ring på spring"
Litt etter klokka 20.00 laurdag, fekk politiet melding om "ring på spring" og sparking på dør litt utanfor Os sentrum.
Patruljen kom til staden, men traff ikkje dei som skal ha stått bak episoden korkje der eller i nærleiken, opplyser politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til Os & Fusaposten søndag morgon.
Lyshorntunellen stengt i retning Os
Klokka 21.22 skriv Vegtrafikksentralen vest at Lyshorntunnelen på E39 er stengt i retning Os. Årsaka er eit vogntog med havari i køyrebanen.
Feststøy i Hagavik
Klokka 01.48, natt til laurdag, fekk politiet melding om feststøy frå ein privat adresse i Hagavik. Etter kvart kom det fleire meldingar frå staden og klokka 03.00 drog politiet til adressa og gav festdeltakarane pålegg om å holda ro.
– Det kom ikkje fleire meldingar om støy etter dette, opplyser politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til Os & Fusaposten laurdag.
Elles fortel politiet om eit roleg siste døger i kommunen.