DEBATT

Massiv handling: No trengst det massiv handling for å redde både næring, arbeidsplassar og norsk natur.

Strengare krav er nøyaktig det oppdrettsnæringa treng no

Smak på dette talet: I 2024 døydde 109,4 millionar laks og regnbogeaure i norsk oppdrettsindustri.

Smak på dette talet: I 2024 døydde 109,4 millionar laks og regnbogeaure i norsk oppdrettsindustri. Det er en auke på fire millionar frå allereie alt for høge tall i 2023, og statistikk til å bli kvalm av. 

Den vesle prosentvise nedgangen i dødelegheit skuldast sannsynlegvis at perlesnormaneten tilfeldigvis har bomma på laksemerdane. Altså rein flaks. 

Lakselusa held fram med å spreie seg stadig raskare i nye område, og villaksen er meir trua enn nokon gong. No trengst det massiv handling for å redde både næring, arbeidsplassar og norsk natur, og for å hindre ein etisk og moralsk kollaps. 

Løysinga er ikkje å flytte næringa på land, og vi politikarar har difor ikkje andre val enn å stille strengare krav til drifta i sjø. Til det er dødelegheita for høg, og villaksen for viktig. Dette er jo eingong norsk natur sitt arvesølv. Og det er ikkje vi i MDG som finn på tala og ringer i alarmklokkene, det er Havforskningsinstuttet, næringa sjølve, og Veterinærinstuttet som presenterer dyster statistikk år etter år - utan at det blir fart på omstillinga av næringa som allereie er langt på overtid. 

Vi fremmer difor forslag i Stortinget om at oppdrettarar som ikkje får ned dødelegheita i anlegga sine til under fem prosent, skal straffast økonomisk og få redusert produksjonskapasitet. Det må samstundes koste meir når det skjer rømming frå anlegga, eller at ein droppar oppsamling av slam som i dag er ein verdifull ressurs som skuslast bort. 

Tilsvarande vil vi premiere dei aktørane som oppfyller strengare krav og går føre i omstillinga. Forslaget gir oppdrettarar moglegheit til å auke produksjonen sin, viss dei konverterer frå opne merdar til annan teknologi, som lukka anlegg, som får ned talet på død laks.

Heldigvis veit vi at næringa er klar for å tilpasse seg tøffare krav, og vi veit at løysingane for å lykkes allereie eksisterer. I vinter vitja vi i MDG Eide Fjordbruk på deira anlegg i Hardanger. Dei kunne fortelje at dei satsar stort på lukka anlegg, med eit fullskala pilotprosjekt i drift og eit anna under bygging. 

Teknologien finst, han er i bruk, og han verkar. Men utan ein grønare oppdrettspolitikk, er det grunn til å frykte at lite vil skje med næringa og tilstanden i norske fjordar også i dei komande åra.

Tina Bøe

Andreas Ormevik

Stortingskandidatar for MDG

Powered by Labrador CMS