I ein felles uttale utrykkjer Ivar Harald Henriksens etterlatte stor takksemd til alle som har vore involverte i leitearbeidet.

Familien: — Eit stort tap

Dei etterlatne etter Ivar Harald Henriksen takkar alle som var involverte i leitearbeidet. 

Publisert Sist oppdatert

Det var Tore Iversrud Marthinsen (61) og Ivar Harald Henriksen (74) som omkom i flyulukka i Vinddalsvatnet på Søfteland tysdag ettermidag. 

Marthinsen er frå Furnes i Ringsaker og Henriksen frå Bergen.

I ein felles uttale utrykkjer Ivar Harald Henriksens etterlatte stor takksemd til alle som var involverte i leitearbeidet, både i innleiande fase, i vidare søk og i sjølve opphentinga av dei omkomne. 

— Både politiet, Forsvaret, brannvesen, dei frivillige og mange andre har gjort ein overveldande innsats. Familien opplever at vi er blitt godt ivaretatt og fått god informasjon, skriv dei i uttalen.

Dei er rørte at av alle dei gode orda om Ivar Harald Henriksen. 

— Det er ingen tvil om at han har vore eit godt førebilete for mange. 

Familien rettar også ein takk til flyklubben som Henriksen var medlem av.

— Dette er eit stort tap både for familien, for Bergen Aero klubb og for mange andre. Dialogen med flyklubben har betydd mykje for oss. Ivar er ein person som har sett dype spor etter seg og som vil bli sakna av veldig mange i mange ulike miljø. 

Familien skriv at det er ei krevjande tid, men 'det er fint å vita at det er mange som tenkjer på oss og støttar oss i sorga'. 

Familien opplever også at dei har blitt behandla på ein respektfull måte.

— Våre tankar går til Tore Iversrud Marthinsens etterlatte, avsluttar dei i uttalen.

Powered by Labrador CMS