Lunde Pedersen går glipp av EM

Sverre Lunde Pedersen er blitt sjuk, og kjem ikkje til å tevla i EM i Minsk denne helga.

I ei pressemelding opplyser Norges Skøyteforbund om at osingen ikkje vil tevla i EM grunna sjukdom.

- Sverre Lunde Pedersen er blitt sjuk og må stå over EM. Lunde Pedersen har i løpet av natta blitt sjuk, og må i samråd med det medisinske støtteapparatet og trenarteamet, stå over helgas EM på skeiser i Minsk. Han har tette luftveger, høg puls, og er slapp. Han startar på antibiotikakur i morgon. Me ønskjer Sverre snarleg god betring og resten av laget lukke til i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mål om medaljeplass

Tidlegare denne veka snakka Os og Fusaposten med medaljehåpet frå Os. Då snakka han om kor skuffa han var då han gjekk med knappast mogleg margin mista pallplassen sist EM, og at han kom til å gje alt i Minsk for å koma på pallen. Den saken han du lesaher.