Sverre Lunde Pedersen har fleire  fjerdeplassar i EM-samanheng. Til helga gjer han eit nytt forsøk på å få seg ein etterlengta EM-medalje.
Sverre Lunde Pedersen har fleire fjerdeplassar i EM-samanheng. Til helga gjer han eit nytt forsøk på å få seg ein etterlengta EM-medalje.

Går for sin første EM-medalje

Sverre Lunde Pedersen hamna like utanfor pallen under fjorårets EM. Det ønskjer han ikkje å gjera i Minsk.

I fjor tapte han EM-bronsen for russiske Denis Juskov med fattige 0,067 tidspoeng. Det gjorde akkurat så vondt som det høyrest ut.

- Dette var på ei tid der eg hadde fått min porsjon med fjerdeplassar. Så, ja, det er klart det var surt, seier Sverre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange sterke konkurrentar

Tysdag ettermiddag prata «Os og Fusaposten» med Noregs medaljehåp under EM i allround-skeiser i Minsk i Kviterussland. Sverre Lunde Pedersen set tøffe krav til seg sjølv før meisterskapen.

- Det blir beinhardt å klara pallen, men eg kan ikkje ha noko lågare mål. Eg klarte det i VM i fjor. Då må eg kunna klara det i EM no til helga, seier 23-åringen.

Han trur Sven Kramer og nemde Denis Juskov vert dei tøffaste konkurrentane.

- I tillegg kjem Bart Swings og ei rekkje nederlendarar. Eg må prestera mitt beste og vel så det, for å lukkast, seier han.

Europeiske forhold

I romjula trena Sverre i Os og på Slåtthaug kunstisbane. Tilhøva var langt ifrå ideelle.

- På Slåtthaug hadde me nokre tøffe dagar med mykje vind og regn. Men det rustar ein jo litt å trena i slikt vêr også, seier osingen.

Under EM får han i alle høve tak over hovudet.

- Eg har ikkje gått i skeisehallen i Minsk tidlegare, men forstår at det er ein ok arena, med normale europeiske forhold.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva meiner du med normale europeiske forhold?

- At temperaturen i hallen ikkje er så høg, og at isen følgjeleg ikkje er all verdas rask. Truleg litt slik me har det i Sørmarka Arena og i Vikingskipet her heime i Noreg.

- Så det blir ikkje rekordtider?

- Nei, det blir det nok ikkje. Men så er det jo ikkje tidene det handlar om i eit EM heller, minner Sverre om.

Rimeleg bra

- Korleis er forma før årets første meisterskap?

- Rimeleg bra. Eg gjekk fire solide løp under NM like før jul og har trena hardt fram til denne veka. No fram mot EM-start laurdag slepp eg opp og samlar krefter, seier han.

- Får du støtte av vener eller familie på tribunen?

- Nei, Minsk er jo ikkje akkurat ein lett plass å koma til, så dei fleste som bruker å følgja oss vert nok heime denne gongen. Då vert det nok meir norsk og osisk støtte å få når me skal gå V-cup i Stavanger siste helga denne månaden, avsluttar Sverre.