Klagenemnda har avslått klagen frå Søre Nesets volleyballgruppe. Dei må halda fram med å trena på Nore Neset.
Klagenemnda har avslått klagen frå Søre Nesets volleyballgruppe. Dei må halda fram med å trena på Nore Neset.

Klagen vart avslått

Søre Nesets volleyballag får ikkje trena i Oshallen, og må belaga seg på å trena vidare på Nore Neset.

I heile haust har Geir Lepsøe og volleyball-gruppa til Søre Neset kjempa mot det dei meiner erforskjellsbehandling og favorisering. Dei ønskjer å trena i Oshallen, men det får dei ikkje lov til grunna sprengd kapasitet.

- Dei gjer det vanskeleg for oss

Då me først omtalte saka, hadde kultureiniga i Os alt avslått ein klage frå Søre Nesets volleyballgruppe. Då sendte dei inn ein ny klage, medeit siste ørlite håp om å få treningstid i Oshallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har dei fått svar frå klagenemnda i Os kommune, som ikkje tek klagen til følgje.

- Det er skuffande at Søre Neset Idrettslag, som einaste klubb i Os kommune med volleyball som tilbod, ikkje får trena i Oshallen. Idrettsrådet har med denne tildelinga, og politikarane i klagenemnda med sin oppretthalding, gjort det svært vanskeleg for fleire av dei som bur ute i krinsane å driva med denne idretten, seier Geir Lepsøe.

Skuffa over lang svar-tid

Volleyball-leiaren er også skuffa over at det tek så lang tid å få svar frå kommunen.

- No er jo halve sesongen gått. No ligg førstelaget i toppen av 3. divisjon, og det ser ut til at det kan bli opprykk. Me får håpa på 2. divisjonsspel i Oshallen til neste år, seier Lepsøe.

Sjølv om det ikkje veg opp for manglande treningstid i Oshallen, er Lepsøe glad for å sjå at noko positivt kom ut av klaginga og diskusjonane.

- Det er nok ikkje meg åleine som skal ta æra for det, men kostnadene med å trena på Nore Neset og i Oshallen er i det minste blitt utlikna, seier han.