Leiar for Søre Neset volleyball, Geir Lepsøe, reagerer på at Os Idrettsråd seier at kontinuitet er viktig for dei når dei tildeler treningstid. - Me har trena i Oshallen heilt sidan den var ny. Men både i år og i fjor har me fått treningstid på Nore Neset, seier Lepsøe.
Leiar for Søre Neset volleyball, Geir Lepsøe, reagerer på at Os Idrettsråd seier at kontinuitet er viktig for dei når dei tildeler treningstid. - Me har trena i Oshallen heilt sidan den var ny. Men både i år og i fjor har me fått treningstid på Nore Neset, seier Lepsøe.

Søre Neset kjempar for treningstid i Oshallen: - Me kjem ikkje til å gje oss

I år som i fjor er Søre Nesets volleyballag henvist til Nore Neset. Det nektar dei å godta.

- Me fekk ikkje treningstidar i Oshallen i fjor. Då klagde me, og fekk avslag. Så klagde me nok ein gong. Då fekk me også avslag. I år er me inne i akkurat den same prosessen, seier leiar i Søre Nesets volleyballgruppe, Geir Lepsøe.

Ope brev til ordføraren

Sist veke skreiv me om at Os Idrettsråd hadde valt at Søre Nesets volleyballag skal trena på Nore Neset, og ikkje i Oshallen som dei hadde søkt om. Det var Lepsøemildt sagt misnøgd med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han held på å finpussa på ei klage til klagenemnda, som han skal levera frå seg dei næraste dagane. I tillegg har han sendt eit ope brev til ordførar Terje Søviknes (sjå brevet nedst i saka).

Fekk ikkje medhald

Det er ikkje lett for volleyballeiaren å vera optimistisk med tanke på treningstid i Oshallen. Då dei klaga til klagenemnda i fjor, fekk dei ikkje medhald, men i protokolltilførsel blei det lista opp nokre punkt som kultursjefen måtte følga opp.

"Kultursjefen må sørga for at fordelinga av treningstimar i Oshallen blir fordelt jamnare mellom laga, og at økonomisk skeivfordelingar som oppstår på grunn av tildeling av treningstider i Nore Neset Idrettshall blir utlikna etter beste evne", skriv klagenemnda.

I tillegg oppmoda dei til at kultursjefen og innklagar måtte finna ei løysing for 2014, med f.eks samtrening med eksisterande lag med treningstider i Oshallen der dette er råd.

- Dette blei ikkje følgt opp. Me høyrde ikkje noko frå verken kultursjef eller idrettsråd, seier Lepsøe.

Ikkje ute etter å krangla

Han meiner det er på tide at nokon røsker litt i Idrettsrådet, som etter hans syn famlar i blinde.

- Det blei nok oppretta retningsliner for korleis idrettshallen på Kuventræ skulle brukast då han kom. Me ønskjer å setja i gang ein politisk diskusjon for å få ei avklaring på bruken av hallen, seier Lepsøe og held fram:

- Eg er ikkje ute etter å krangla med nokon. Eg vil berre at det skal vera eit kriterium at det skal vera likt for alle lag. Er det ein relativt ny klubb, som Os Basket, så må også dei få sjansen. Det skal ikkje ha noko å seia at ein er ein stor klubb med mange lag, og difor ikkje finn plass til dei mindre idrettslaga, seier Lepsøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støttemeldingar frå kjende og ukjende

I seks år, frå starten av 2000-talet, sat Lepsøe sjølv i Os Idrettsråd og var med og fordela treningstider.

- Då var det Grethe Søviknes som var leiar for rådet. Ho hadde bakgrunn frå kulturkontoret og idrettskretsen, og var utruleg flink og fair. Ho kom frå handballgruppa i Os, men let seg ikkje påverka av det når treningstidene skulle fordelast, seier volleyballeiaren.

Etter at me omtala saka i sist veke, har Lepsøe fått støttemeldingar både frå kjende og ukjende.

- Det er klart det hjelper. Folk har kontakta meg både på telefon og internett, og støttar vår sak, seier han.

Geir Lepsøes opne brev

Her er brevet Geir Lepsøe har sendt til ordførar Terje Søviknes:

- Søre Neset er den eneste klubben med volleyball som et tilbud i Os kommune, og er såleis avhengig av en sentral plass å trene på. Det er derfor med overraskelse vi leser at vi også i år har fått avslag på søknad om treningstid i Os Idrettshall. Vi er blitt tildelt treningstider på Nore Neset, noe vi ikke har søkt om. Vi velger å tro at Idrettsrådet tror at fordi vi heter Søre Neset så kommer alle våre utøvere fra denne regionen, og det er ikke rett. Det er faktisk flere utøvere utenfor regionen enn det er i, så derfor blir tilkomsten for alle disse utøverne nå vanskeligere.

- Søre Neset har siden hallen var ny hatt treningstider der, så når idrettsrådet sier at et av kriteriene deres er kontinuitet, så blir dette et noe rart argument for oss. Også om det nå er antall lag eller antall utøvere de legger til grunn, så føler vi oss helt tilsidesatt i denne tildelingen.

- Ønsker med dette å ta opp til en diskusjon samt få en avklaring blant politikere, på bruk av Os Idrettshall. Dette ble det nok sagt noe om da hallen engang var ny, og vi velger å tro at noe av dette er blitt litt glemt med årene og at idrettsrådet nå famler litt for å finne sin egen nøkkel for dette. Så jeg håper på en politisk uttalelse og avklaring på hva kommunen mener om denne bruken.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Siden Kuventræ er et sentralidrettsanlegg og hallen blir beskrevet som en flerbrukshall, så håper jeg dette også vil bli synliggjort i bruken av denne.