Fleire av dei som no står i fare for å mista jobben er tidlegare Askeladden-tilsette som følgde med over til Beerenberg-eigde Benarx Solutions.
Fleire av dei som no står i fare for å mista jobben er tidlegare Askeladden-tilsette som følgde med over til Beerenberg-eigde Benarx Solutions.

Vonar å redda halve Benarx-staben

Rundt 50 prosent av dei tilsette kan truleg få tilbod om jobb ein annan stad. Men det er ikkje alle som utan vidare kan reisa frå Os.

For snart ei veke sidan vart det kjent atisolasjonsproduksjonen hjå Benarx Solutions på Askvik skal flyttast til Polen. Tillitsvald i Fellesforbundet hjå Beerenberg, (eigar av Benarx Solutions) André Simonsen, har hatt hektiske dagar på Askvik i samtalar med dei 68 tilsette og leiinga.

Mange fekk sjokk

- Stemninga her er veldig trykkande. Mange fekk sjokk då meldinga kom om at produksjonen skal flyttast. Dei hadde akkurat lese om at Beerenberg hadde vunne kontraktar for 8 milliardar kroner - og hadde heilt andre forventningar då dei vart kalla inn til allmøte, seier Simonsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er de usamde i avgjerda?

- Slik verksemda har lagt dette fram for oss, ser me at dette var siste utveg. Når prisane på produkta våre må kuttast så kraftig for å vera konkurransedyktige, skjønar me at det ikkje er anna råd, seier han.

Halvparten kan få jobbtilbod

Den største jobben for Fellesforbundet består no i å sikra jobb vidare for så mange som mogleg, og å ivareta medlemmenes interesser og rettar. Simonsen trur det er realistisk at rundt halve staben kan få tilbod om jobb vidare.

Tillitsvalt i Fellesforbundet, André Simonsen.
Tillitsvalt i Fellesforbundet, André Simonsen.

- Ingen har fått oppseiing enno. No går verksemda og dei tillitsvalde gjennom kompetansen til kvar enkelt tilsett og ser kva det kan vera aktuelt å tilby dei tilsette vidare. Dei med lengst ansiennitet står først i køen, seier Simonsen.

Korea eller Mongstad?

- Er det snakk om jobbar ein eller annan stad i same konsernet?

- Det er hovudsakleg i Benarx. Firmaet har verksemd både i Korea, Kasakhstan, Singapore og Polen. Dersom ein tilsett har kompetanse som kan vera relevant for ein jobb i Korea, kan det vera ein moglegheit. Beerenberg har også aktivitet andre stader i Noreg - me har Ormen Lange på Aukra (utanfor Molde), og Mongstad-kontrakten på Lindås.

- Er det nokon som har vist interesse for å jobba utanlands?

- Ja, enkelte. I så fall kan det bli snakk om å vera ein månad på jobb og ha ein månad fri. Jobbane som finst i Noreg er litt for langt unna Os til at det går an å pendla. Det er ikkje alle som bur i Os som berre kan flytta utan vidare, seier den tillitsvalde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg for etablerte osingar

- Kva tilbakemeldingar får du frå dei?

- Dei er veldig oppgitte. Dei er godt etablerte i Os. Mange av dei kjem frå den gamle Askeladden-fabrikken. Dei har gjerne kone og barn her. Her har dei jobb, her går ungane på skule. Då er det ikkje berre berre å ta ein jobb på Lindås eller i utlandet for den del. Særleg når arbeidsgjevar ikkje ønskjer å avtala innarbeidingsordningar på Mongstad med fagforeininga, seier han.

- Du nemnde på at dei med høgast ansiennitet blir prioritert høgast i denne prosessen?

- Ansiennitet kjem først. Dersom det står om to stykke som er aktuelle for ei stilling, så det den med lengst ansiennitet som får tilbodet først. Noko opplæring vert også gjeve. I tillegg ønskjer me at dei som står i umiddelbar fare for å mista AFP vert vist særleg omsyn.

Dei unge mest utsett

Dermed er det dei yngste arbeidstakarane som er mest utsett for å mista jobben.

- Arbeidsløysa er stigande her i landet, så me er svært uroa for dei unge. Men det må nesten vera slik også - dei unge har trass alt lettare for å finna seg ein annan jobb, seier Simonsen.