68 tilsette står i fare for å mista jobbane sine når Benarx Solutions flyttar produksjonen til Polen i løpet av dei tre første månadene av 2016.
68 tilsette står i fare for å mista jobbane sine når Benarx Solutions flyttar produksjonen til Polen i løpet av dei tre første månadene av 2016.

Benarx flaggar ut

Benarx Solutions AS flyttar produksjonen av isolasjonsmateriale til Polen. 68 stillingar står i fare.

Stemninga er trykka inne på Benarx Solutions sine lokale i Hagavik. Fleire bilar rusar av garde så snart skiftet er overstått. Enn så lenge er det full aktivitet i produksjonen, men dei tilsette går ei usikker tid i møte. I løpet av første kvartal 2016 blir produksjonen lagt ned.

- Du skulle ha vore her tidlegare i dag. Det har vore ein del møteaktivitet, seier ein tilsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles er det få som vil seia noko. Me får beskjed om at berre pressekontakt Ole Klemsdal skal uttala seg.

- Det er heilt vanleg praksis hjå oss, seier Klemsdal. Han er pressesjef i Beerenberg corp. AS, som eig Benarx Solutions.

Har tvunge seg fram

Han fortel at avgjerda om å flytta produksjonen av isolasjonsmateriale til Polen har sin bakgrunn i vedvarande låge oljeprisar.

- Når oljeprisen er låg, vert fleire prosjekt sett på vent - særleg gjeld det nybygg. Dermed er det lågare etterspurnad etter våre produkt. Me er nøydde å finna måtar å gå ned i pris på, seier han.

- Kvifor er det lettare å handtera desse utfordringane i Polen?

- Der er det lågare produksjonskostnader. Me må gjera alt me kan for å bli meir konkurransedyktige på pris, koma inn på fleire marknader og vinna nye kontraktar. Slik vil me sikra flest mogleg arbeidsplassar for verksemda sett under eitt, forklarer Klemsdal.

Han legg til at dei alt har ein fabrikk i Polen, og at denne no vil bli styrkt.

- Kva vil skje med dei tilsette i Os? Kompetansen de kan tapa i Hagavik er vel ikkje berre å finna att i Polen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ein prosess med dei tilsette. Det er for tidleg å seia noko om utfallet av den, seier Klemsdal.

Subsea-avdelinga får bli

Under Benarx Solutions i Hagavik er det også ei Subsea-avdeling. Dei produserer også isolasjonsmateriale, men altså til undersjøiske installasjonar.

- Talet tilsette her varierer mellom 3 og 5 tilsette. Denne avdelinga vert ikkje råka, seier Klemsdal.

Det var midtsiden.no som fyrst omtalte saka.