Store mengder: Søndag kveld samla seg store mengder vatn i vegbanen i Os sentrum, like utanfor Det franske bakeri.

Vasslekkasje i Os sentrum: Store mengder vatn i køyrebanen

Brannvesen og teknisk etat rykte ut til staden. Fleire bustader mista vatnet.

Publisert Sist oppdatert

Søndag kveld samla seg store mengder vatn i vegbanen i Os sentrum, like utanfor Det franske bakeri.

Vatnet i vegbanen skapte trafikale utfordringar.

Det har tidlegare også vore lekkasjar på same staden.

Fleire bustader kring Os sentrum mista vatnet som følgje av lekkasjen.

Brannvesenet, teknisk etat og Bergen Vann kom til staden, og like før kl 20 skal lekkasjen vera stoppa

Kommunen stadfestar at det har vore eit vassleidningsbrot i Byvegen.

- Vi vil jobba så raskt vi kan for å gi vatnet tilbake. Etter utbetringa kan vatnet vera misfarga. Tapp då med kaldt vatn til det er klart, melde kommunen til dei som vart råka like før kl 20. 

Powered by Labrador CMS