Bra fangst på sesongens første hummarhausting! Totalt ni humrar, der fire blei med heim, og ein krabbe.
Bra fangst på sesongens første hummarhausting! Totalt ni humrar, der fire blei med heim, og ein krabbe.

Storfangst på første forsøk

Slik gjekk det med far og son Leirvåg då dei sjekka sine første teiner for sesongen.

- Hummar! skrik William (6)

Ein fin start på turen, der dei kunne reisa heim med fire humrar i baljen, og ein krabbe. Fem humrar måtte tilbake i sjøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidareføra til neste generasjon

Sjølv om William berre er seks år, er han ein viktig del av mannskapet. Han og far deler på oppgåvene, og dei set begge pris på tida dei får saman på sjøen.

- Eg var alltid på sjøen med min far. Det er kjekt å vidareføra tradisjonen ein generasjon. Det er også kjekt at eg kan bidra med noko i oppdraginga, med å læra han praktiske ting, seier Jan Petter.

Knusande ro

William smatt rundt i båten, og hadde knusande ro på kva arbeidsoppgåver som var hans. Det ufyselege vêret gjorde at det vart litt sjø. Der journalisten måtte konsentrera seg og halda seg fast, stod William og slappa av heilt i si eiga verd. Jan Petter håpar nok at han og William kan vera kompanjongar i lang tid, men som far seier,det er nok ikkje lenge til han er ute på eigahand.