Jan Petter Leirvåg viser fram "superagnet" som skal sikra storfangst i årets hummarsesong. Makrell i grovsalt-lake er i følgje hummarfiskaren, ein sikker vinnar.
Jan Petter Leirvåg viser fram "superagnet" som skal sikra storfangst i årets hummarsesong. Makrell i grovsalt-lake er i følgje hummarfiskaren, ein sikker vinnar.

Hummarsesongen starta i dag: - Ventinga har vore uuthaldeleg

For Jan Petter Leirvåg har ventinga nærast vore uuthaldeleg. Når hummarsesongen starta klokka 08.00 i dag tidleg var han klar med båten.

Det einaste som mangla for at dagen hadde vore perfekt, er sonen William (6), som måtte på skulen.

- Han var heilt frå seg når han ikkje fekk vera med. Han har alltid vore med meg, men i år er han starta på skulen, seier Leirvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har halde på i over 20 år

Laksefiske og hummarfiske er hobbyane til offshore-arbeidaren. Jobben hans gjer at han ikkje alltid får vera med på sesongstart, noko som er like ergerleg kvar gong.

- I fjor skulle "gamlo" feira 60-års-dag i Syden då sesongen starta. Det var nesten så eg sat teiner i bassenget, ler han.

Det viser kor mykje han set pris på hobbyen, som han har halde på med i minst 20 år.

Makrell i grovsalt-lake som agn

Med åra har han funne nokre favorittplassar å senka teinene på.

- Men dei kan eg ikkje dela med deg, for då må eg ta livet av deg etterpå, spøker han.

Favorittagnet kan han derimot fortelja om. Bak i båten har han ein balje med makrell.

- Eg lét makrellen liggja i minst seks veker i grovsalt, seier han.

Oppteken av å halda seg til reglane

Hummarfiskaren er oppteken av å halda seg til reglane. I løpet av fjoråret fekk han nesten 80 hummar, men dei fleste hamna i sjøen att.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vil tru 55-60 hamna i sjøen. Det er viktig å følgja reglane, og eg synest det er kjekt å få hummar uansett om dei må tilbake i sjøen. Det er det same når eg fiskar laks. Det er ikkje mange eg tek vare på. Eit par endar gjerne opp som røkelaks, men resten slepp eg fri, seier han.

Trekkjer teinene i morgon

I morgon skal Jan Petter og William ut for å dra teinene.

- Eg må venta til han er ferdig på skulen før eg kan trekkja teinene. Han elskar å vera med på hummarfiske. Det går ikkje mange år før han er ute på eigehand, seier hummarfiskaren.

Følg med på heimesida vår i morgon for å sjå om far og son Leirvåg er heldige med sine første teiner for sesongen.

Reglar for hummarfiske:

Hummar er berre tillate å fiska i hummarteiner.

Hummer med utvendig rogn er freda heile året.

Minstemål for hummar i heile landet: 25 cm totallengd eller 9 cm ryggskjoldlengd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Manntallsførte fiskarar vil kunna fiska med inntil 100 humarteiner per person og per fartøy, medan fritidsfiskarar får ei begrensing på 10 hummarteiner per person og per fartøy.

Det skal vera minst ein 60 mm fluktopning på kvar sida av reiskapen i krabbeteiner.

Fritidsfiskarar må ha minst ein 80 mm fluktopning i krabbeteiner.

Det er forbode å bruka torskeruser på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Møre og Romsdal fylke i perioden frå 1. mai til 31. desember. Yrkesfiskarar kan søkja om dispensasjon frå denne regelen.

Fritidsfiskarar kan likevel benytta torskeruser i hummarfisketida og ut 31. desember, men talet teiner og torskeruser til saman kan ikkje overstiga 10.

Sanke- og samleteiner skal merkast på tilsvarande måte som annan fast reiskap i sjøen, dvs. med fiskerimerke eller namn og adresse.

I fredningstida er det forbode å oppbevara hummar i sjøen. Hummar som ved inngangen til fredningsperioden er innmeldt og registrert av salslaga for omsetnad kan likevel oppbevarast i sjøen inntil slik omsetnad skal skje.