Miljøpartiets Nils-Anders Nøttseter (på talarstolen) fekk mykje av æra for at Os kommune no melder seg inn i TI.
Miljøpartiets Nils-Anders Nøttseter (på talarstolen) fekk mykje av æra for at Os kommune no melder seg inn i TI.

Os blir med i Transparency International

Kommunen gjekk i kveld inn for å skaffa seg TI-medlemskap som skal sikra opne, gjennomsiktige og korrupsjonsfrie prosessar.

Gisle Hesjedal (Ap) fremja i kveld forslaget om at Os kommunestyre melder kommunen inn i den norske avdelinga av Transparancy International (TI). TI er ein organisasjon som har som føremål å motarbeida alle former for misbruk av posisjonar, og for å sikra integritet i alle vedtak, og har 58 norske kommunar på medlemslista.

Vinden snudde raskt

Saka var oppe i kommunestyret i Os så seint som i fjor haust. Den gongen vart det stemt ned av posisjonen, med grunngjevinga at dei gode etiske retningslinene kommunen alt har, sikrar dei opne og gode prosessane. TI-medlemskap ville difor vera overflødig. Sidan den gongen har vinden snudd, blant anna ved atOs Høgre i april i år drøfta temaet på eit ope møte der Birthe Eriksen var føredragshaldar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dumt å ikkje melda seg inn

Marie Bruarøy tok ordet og sa at sjølv om Hesjedal føreslo dette no, ville ho gje mykje av æra til Miljøpartiets Nils-Anders Nøttseter. Han fremja nemleg saka då ho vart stemt ned i fjor.

- Sist gong valde me å visa til dei etiske retningslinene me har, og at dette arbeidet alt har høgt fokus i Os. Men no tenkjer eg at når me alt er einige i saka, så er det nesten dumt å ikkje melda seg inn, sa Bruarøy.

Ordførar Terje Søviknes hadde også snudd.

- Sjølv om eg meiner at me alt er godt dekkt gjennom dei retningslinene me har, så kan det ikkje skada å vera medlem. Me stør dei verdiane TI står for, sa ordføraren.

At medlemskontigenten var på beskjedne 15.000 kroner årleg, talde også positivt

- Kjøpa seg godt samvit?

Espen Aspenes var litt vaklande i trua på om dette gav noko meirverdi for kommunen.

- For nokre år sidan melde me oss inn i Fairtrade. Eg er usikker på kva det har gjeve oss. Eg fryktar at det blir litt som å kjøpa seg avlat. Me kjøper oss eit medlemskap, og så kan me liksom ha godt samvit, sa Aspenes.

Han fremja eit forslag om at både Fairtrade og TI-medlemskapet skulle evaluerast etter to år for å visa kva reelt av verdi det tilførte kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmann Christian Fotland svarte at dette er eit tema i mange samanhengar allereie, men at eit TI-medlemskap ville bevisstgjera heile organisasjonen.

- Dette forpliktar

Nils-Anders Nøttseter var positivt overraska over at stemninga var snudd.

- Eg må skryta av posisjonen som har snudd i og endra meining. Eg kjem nett frå ei jobbreise i Angola, og kan berre seia at korrupsjon - i alle former - er ikkje eit vakkert syn. Dette vedtaket forpliktar både administrasjon og politikarar, sa Nøttseter.

Kommunestyret gjekk deretter samrøystes inn for å søkja medlemskap, og for Aspenes sitt framlegg om evaluering.