Ømtolige tema på agendaen
Universitetslektor ved NHH, Birthe Eriksen, vitja torsdag Os for å snakka om etikk, varsling og korrupsjon.
Eriksen er Universitetslektor ved NHH, og har avlagt doktorgrad ved juridisk fakultet om arbeidstakars rett til å varsla. Ho har også site i bystyret og på fylkestinget for Høgre.
- Noko av det siste eg var med på på fylkestinget var å laga nye varslingsrutinar for fylkeskommunen. Alle kommunar, også Os, bør jamleg vurdera om det dei har i dag er godt nok, seier Eriksen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bør vera tilgjengeleg
Eriksen hadde i forkant av møtet torsdag gjort research, eller i alle fall prøvd å gjera research på kommunens varslingsrutinar.
- Varslingsrutinane er ikkje tilgjengelege for borgarane. Eg trur ein må inn i ein eigen politikar-portal for å få tak i dei. Slike regelverk bør vera tilgjengelege for alle, seier ho.
Aktuelle tema
Det var Os Høgre som inviterte Eriksen til Os torsdag for å snakka om etikk, varsling og korrupsjon. I salen sat representantar frå mange av dei ulike politiske partia.
- Vi hadde Birthe Eriksen som gjest på årsmøtet, men då fekk vi lite tid, og det var stor interesse for å høyra meir frå henne. Det ho snakkar om i dag er blitt veldig aktuelt den siste tida. Ikkje berre internasjonalt, men også nasjonalt. Det gjeld ikkje berre store selskap, men også mindre kommunar, seier nestleiar i Os Høgre, Bjørn Matland.
Nestleiaren i Os Høgre er einig i at varslingsrutinane bør vera tilgjengeleg for alle, og ikkje berre politikarar.
- Det skal ikkje vera noko å skjula. Det bør vera slik at ein skal kunna klikka seg inn utan problem, seier han og legg til:
- Det vert nok framleis jobba med heimesida, som tidlegare var traurig. Det er sett i gang stort arbeid for å gjera det meir folkeleg. Når det er sagt, trur eg ikkje det er nokon andre enn politikarar som kjem til å klikka seg inn for å lesa om det. Det er for spesielt interesserte.
Følgjer med på Osfest-saka
I den nemnde e-post-utvekslinga fortalte Eriksen at ho hadde følgt "Osfest-saka" med stor interesse. Nils-Anders Nøttseter i Miljøpartiet Dei Grøne har i fleire lesarbrev stilt spørsmål kring det han meiner erukritisk stønad til Osfest frå Os kommune. I eitt av lesarbreva nemner han også at MDG i eit kommunestyremøte fremja forslag gjennom alternativt kommunebudsjett at Os kommune skulle melda seg inn i Transparency Internasjonal (TI) - ein organisasjon som arbeider for antikorrupsjon og gjennomskinnelegheit. Det stemte posisjonen ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eriksen stiller seg undrande til at posisjonen stemte ned forslaget om Transparency, som både Bergen kommune og fylkeskommunen er medlem av.
- Eg forstår at den offisielle forklaringa er at dei etiske regelverka til Os kommune er gode nok. Vel, kan man nokosinne seia noko slikt? Det sa dei nok om dei etiske regelverka i Bergen også, men så kom den kjende "cruise-saka", seier føredragshaldaren.
Anbefalt av statsministeren
Eriksen kan ikkje snakka på vegner av Os Høgre og posisjonen om kvifor denne saka blei handsama slik, men ho seier at ho synes det er rart at kommunen vel å ikkje bli medlem i ei tid kor fleire og fleire vel å bli medlem.
- TI bidrar med kompetansebygging og informasjon på eit felt som er i stor utvikling. Eg kjenner godt dei som jobbar der, og veit godt kva dei står for. Beløpet for å vera med er minimalt, og statsministeren har anbefalt medlemskap.