Opnar for gangtrafikk 7. desember
Gladmelding til alle i Borgavegen. Frå og med måndag 7. desember opnar vegen for skuleborn og andre gåande.
På grunn av omfattande sikringsarbeid har Borgavegen vore stengt for all trafikk sidan september. Noko som harført til frustrasjon og ein fire kilometer lang omveg for bebuarar utan bil.
Men i dag melder Os kommune altså at vegen opnar for skuleborn og andre gåande frå og med måndag 7. desember. Biltrafikk i Borgavegen vil fyrst vera mogleg mot slutten av januar neste år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegarbeidet held altså fram ei stund til, men på ein slik måte at det vil vera trygt å ferdast langs vegen for gåande.
- Før vi opnar for gangtrafikk, vil vi mellom anna grusa, gjera sikringsarbeid og montera veglys, fortel prosjektingeniør i Os kommune, Siril Langhelle.
Melding i skulesekken
Borgavegen er skuleveg for mange barn. Desse barna har hatt tilbod om busskyss i perioden vegen har vore heilt stengt. Siste dag for ekstraordinær busskyss er fredag 4. desember. Elevane vil få brev med informasjon i skulesekken i løpet av denne veka, og Os kommune vil senda ut melding på SMS til bebuarar i området.