Må gå fire kilometer omveg
Unn Mari Kløvtveit etterlyser ein passasje for fotgjengarar på anleggsområdet ved Borgavegen. Omvegen er på heile fire kilometer.
Då Unn Mari Kløvtveit og familien busette seg i Borgavegen, var det nettopp for å få gangavstand til Os sentrum. Nyleg stengde Os kommune vegen for å rassikra og utbetra strekninga. Vegen vert stengd fram til 1. desember.
Utan bil
- Vi er sjølvsagt glade for at vegen vert ordna. Det er heilt supert. Men med berre ein bil i hushaldninga vert dei neste tre månadene svært krevjande for oss, seier Unn Mari som for tida er heimeverande med dottera på seks månader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medan skuleborna får busskyss morgon og ettermiddag, er Unn Mari utan bil og avhengig av taxi eller eigne bein.
- Dersom eg skal ein tur til helsestasjonen eller på butikken, må eg gå i nesten ein time, seier Unn Mari som kvir seg til ein mørk haust utan fortau og belysning.
- Av omsyn til vår sikkerheit er det faktisk uaktuelt å gå langs vegen etter klokka 16, seier ho.
Rasfare
Prosjektleiar Siril Langhelle i Os kommune seier det er uaktuelt å opna nokon passasje for fotgjengarar forbi anleggsområdet.
- Det er ein del lause steinblokker i fjellsida. I tillegg har det kome mykje nedbør. Det er ein dårleg kombinasjon, seier ho,
Langhelle forstår likevel Kløvtveits frustrasjon og fortel at ho også tidlegare har vorte
kontakta av bebuarar i Borgavegen om liknande problemstillingar.
- Samtlege har fått tilbod om å sitja på med skulebussen når dei måtte ynske. Noko som i alle fall kunne ha letta litt på situasjonen. Men ingen av desse ville ta imot tilbodet, fortel ho og legg til at kommunen gjerne hadde opna ein gangveg om det var mogleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ber folk snu
- Problemet er at vi har Oselvo på eine sida og fjell på den andre. Det er rett og slett ikkje trygt nok å sleppa fotgjengarar forbi. seier ho.
Sjølv om vegen er stengt for all passasje, skjer det likevel stadig at fotgjengarar prøver å ta seg forbi.
- Vi har hatt mannskap ute på vakt ved spesielle operasjonar som ber folk snu attende.
- Trur du fotgjengarane forstår kor farleg det er å gå forbi der?
- Det veit eg ikkje. Dei snur i alle fall, sjølv om dei ikkje vert så glade for det.
Kommunikasjonssvikt
Unn Mari Kløvtveit kritiserer også Os kommune for manglande kommunikasjon på førehand.
- Vi fekk ein sms fire dagar før arbeidet starta. Det var alt. Eg sakna eit drøftingsmøte der vi kunne ha fått delt våre bekymringar og sett på løysingar saman, seier ho.
Langhelle er open for å evaluera om informasjonen til bebuarane i Borgavegen var bra nok.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kan hende burde vi ha gått ut tidlegare enn vi gjorde. Men det er mange som vert påverka, og i ulik grad.
- Hovudfokuset vårt har vore at dette er ein skuleveg og at skuleborna skal ha det trygt. Difor har vi sett inn ekstra bussar, seier ho.
- Er de i rute slik at arbeidet vert ferdig til 1. desember?
- Eg håpar det, seier Langhelle.