Slik såg demonstrasjonen mot bru over Bjørnefjorden ut i 2013. No gjentar historien seg.
Slik såg demonstrasjonen mot bru over Bjørnefjorden ut i 2013. No gjentar historien seg.

No blir det fakkeltog

Like før politikarane samlar seg for gje uttale til bru over Bjørnefjorden, blir det demonstrasjonstog utanfor rådhuset.

Ein gjeng naboar på Søre Øyane inviterer osingane til å gå i fakkeltog på Osøyro i morgon før kommunestyremøtet, for å markera sin motstand mot brua. Ein av dei som har oppretta hendinga er Anne Kari Dale.

- Eg må seia at eg sint. Eg er fødd og oppvaksen i Søre Øyane. For tre år sidan bygde eg og mannen min hus i Niklashaugen, og me har stifta familie her. Men hadde eg visst at det skulle koma ei bru i land rundt 100 m nedanfor huset vårt, hadde eg valt å bu ein heilt annan stad, seier Dale, og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vil at ungane mine skal få same fine oppvekst som eg fekk. Med den brua, vil dei ikkje få det, seier ho.

300 inviterte

Saman med Gunn Merete Sundøy, Kristine Kvinge og Sigrun Helen Røttingen har ho gått i spissen for å markera sin motstand. Dei haroppretta underskriftkampanjen som Os og Fusaposten skreiv om før i dag, og arrangerer altså fakkeltog også.

- No er det rundt 50 vaksne som har sagt at dei skal koma, men det blir nok mange fleire. Dei kjem til å ta med ungane sine. Våre ungar er i alle fall sinte på denne brua, seier Røttingen.

Naboane i Søre Øyane samla seg for å synga Øyasongen i går
Naboane i Søre Øyane samla seg for å synga Øyasongen i går

No er rundt 300 personar inviterte. Også i 2013 var det eit fakkeltog mot bru som samla fleire hundre personar i Os sentrum.

- Tilhengjarane av brua seier at det berre er øyafolk som er motstandarar. Men me ser tydeleg at det ikkje er tilfellet. Og det vil visa seg også i demonstrasjonstoget i morgon, seier Kristine Kvinge.

Laga protest-video

Dei har også laga ein protestvideo der dei syng Øyasongen, og viser ei rekkje idylliske bilete frå Søre Øyane: