Underskriftskampanje mot bru går viralt
Kampanjen prøver å påverka politikarane før morgondagens kommunestyremøte. I Os-målestokk spreier underskriftkampanjen seg som eld i turt gras.
På få minutt har 20 nye signaturar blitt registrert på nettstaden underskrifter.no, der Kristine Kvinge har starta underskriftskampanje mot bjørnefjordsbrua. I skrivande stund har 792 personar signert oppropet.
Ordlyden i oppropet
Slik er teksten formulert av Kvinge: "Nei til bru over Bjørnafjorden! Til: Os kommune. Sentrale myndigheter er i ferd med å rasere naturen i Søre Øyane, og mange lokale politikere her i Os står berre passivt og ser på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Torsdag 12. januar skal kommunestyret i Os behandle eit høringsforslag frå Statens vegvesen til trasevalg for brua over Bjørnefjorden med forslag om ilandføring i Søre Øyane.
Folket må stå samla, og kjempe mot bru, stå samla for å bevare naturperla Kobbavågen, stå samla for å sikre at dei som kjem etter oss kan få nyte den sjeleroa, stillheten, og unike naturopplevingane ein finn i Kobbavågen. Signer og sei NEI til bru!"
Delingar og kommentarar
Kampanjen vart oppretta i går, og er delt og spreidd rundt 900 gonger ifølgje nettstaden underskrift.no. Kristine Kvinge var ikkje tilgjengeleg for kommentar onsdag morgon.