
– Klubben er blitt ein møteplass for ungdom frå begge sider av fjorden
På få år har Os Basketballklubb vakse frå 15 til 100 medlemer. No er miljøet så godt at sjølv foreldra ber om å få vera med.
– Kanskje dette er ein vågal påstand, men eg trur ingen idrettar i Bjørnafjorden har knyta sterkare band melllom gamle Fusa og Os kommunar enn basketballen. Det har sjølvsagt noko med at tilbodet ikkje finst på Fusa-sida, men det seier også noko om kompetansen og miljøet i Os baskeballklubb, meiner Monica Befring.
Ho er mor til ein av gutane på dei aldersbestemte laga. Det same gjeld Veronica Lønøy.
– Både Monica og eg kom inn her som foreldre, men no er me på ein måte litt med, me også. Miljøet er så bra, at det berre er kjekt å bidra, smiler Monica, som også sit i styret i klubben.

Hjarte i klubben
Begge er frå Fusa-sida av kommunen. Dei og sønene har vore ein del av basketklubben i Os i nær tre år.
– Me er ein rimeleg stor kontingent med spelarar frå Fusa-sida. Med foreldre som bidreg, er me litt over ti, fortel dei to mødrene.
Dei er ikkje i tvil om kva som er unikt med basketballmiljøet i klubben.
– Det er veldig inkluderande. Det er ikkje alle som likar eller er gode i fotball eller handball. Mange av dei ønskjer likevel å vera aktive og å ta del i lagspel. Då er basketball ofte eit godt alternativ, og under leiinga her i klubben, blir dei fort mykje betre også, slår dei to fast.
Det er mange gode krefter kring ungdomen i klubben, men dei meiner éin person må trekkjast fram.
– Andrew El Ghafary betyr enormt for klubben. Han er hjartet i klubben, rett og slett, skryter dei to.
Hovudpersonen sjølv er audmjuk og glad for alle dei gode kreftene han har med seg i klubben.
– Me var 15-20 medlemer då eg byrja. I dag er me over 100, så me må vera godt nøgde med utviklinga, smiler El Ghafary.
Per dags dato har dei åtte lag - sju aldersbestemte og eitt seniorlag for herrar. Herrelaget spelar i 3. divisjon.
– Du må få med at samstundes som me får stadig fleire medlemer, er sporten i vekst over heile landet. Per no er det den lagsporten i Noreg som veks mest, seier El Ghafary.

Open hall
Denne veka hadde klubben basketskule i Oshallen. Totalt var over femti spelarar i alderen fem til 18 år i aksjon. Ekstra stas var det at Ulriken sin dametrener Durell Sanford leidde nokre av treningane.
– Me er heldige som får han opp hit. Det er til stor inspirasjon, spesielt for dei eldre spelarane, fortel Ghafary.
Monica og Veronica understrekar at klubben har plass til endå fleire medlemer.
– Kvar fredag har me open hall-trening i Oshallen. Då kan alle som vil, prøva ut sporten og koma for å bli kjent med gjengen. Alle er velkomne. Ofte har me også noko å bita i for dei som kjem, smiler dei.