- Er det ikkje viktigare å redda liv enn å vera totalavhaldande?
Dette spørsmålet vart stilt etter at ei kvinneleg båtførar redda ein mann i land, for så å bli meldt for promillekøyring. - Dei kjenner ikkje bakgrunnen, svarer politiet.
Etter at «Os og Fusaposten» i helga skreiv om kvinna som vartpromilletatt etter å ha redda mann frå sjøen, fekk avisa ei rekkje spørsmål frå lesarane. Dei reagerte på at kvinna vart meldt for å ikkje ha vore edru når ho tilsynelatande hadde redda ein mann frå ei ulukke.
- Burde ho berre ha late fyren drukna? Så kunne ho blitt sitjande i båten og venta på betre tider? Då hadde ho gjerne ikkje blitt teken for promille, kommenterte ein lesar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Er ikkje naudverjeretten viktigare enn avhald i slike saker? spurde ein annan.
- Ikkje naudverje
Når «Os og Fusaposten» vidareformidlar dette spørsmålet til
politioverbetjent Audun Hadler-Olsen seier han at det ikkje er snakk om naudverje i dette tilfellet.
- Omstenda tilseier at det er noko anna som har skjedd her. Dei som seier dette kjenner ikkje foranledningen til anmeldinga, seier Hadler-Olsen.
- Kva var foranledninga då?
- At ho vart meldt kom av at ho har køyrt i påverka tilstand forut for det som skjedde i hamna, seier Hadler-Olsen.
Å redda liv kjem fyrst
- Men ein må vel prøva å redda liv sjølv om ein har drukke litt?
- Ja, det er klart at å redda liv kjem fyrst. Men det er ikkje lov å køyra båt i berusa til stand, noko som altså skjedde før enn at mannen fall i vatnet, seier politioverbetjenten.