Promilletatt etter å redda mann frå sjøen

Ein mann fall på sjøen frå båt i Os havn i natt. Kona som køyrde båten til lands, med mannen på slep, er tatt for promille.

Det vart meldt om hyl og skrik frå ein båt på sjøen i Os havn kl 23.41 i natt. Ein politipatrulje kom til staden og observerte at båten hadde kurs mot land. 

Ei kvinne førte båten, medan mannen hennar hang frå ripa. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Akkurat kva som har hend er ikkje klart for oss  enno, seier Arve Samsonsen i Hordaland politidistrikt.

Det som er klart er at det var ei kvinne og ein mann i båten og at mannen hadde fale over bord. Kvinna som førte båten til kai var i følgje politiet ikkje edru.

Det vart derfor tatt blodprøve av henne for å avklare kor  høg promille ho hadde.

- Saka vil bli følgd opp vidare av oss, med avhøyr, for å få meir klarheit i kva som skjedde, opplyser Samsonsen.

 

Vist bort frå Solsiden

Seinara på natta, klokka 01.25, måtte politiet i Os hjelpa vaktene på Solsiden med ein kranglevoren gjest.

- Han hadde ein kontrovers med vaktane, utan at eg veit meir om kva det handla om, seier Samsonsen. 

Patrulja fekk kontroll på gjesten, ein mann i 30-åra,  og gav han pålegg om å halde seg borte frå staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mannen er busett i OS og vart køyrd heim av oss, fortel  Samsonsen