- Det spøker for bru no
Endå ein gong har den berekna prisen auka. Samtidig går trafikktala ned. - Det spøker for prosjektet no, meiner Knut I. Børgesen i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.
- Dette er mykje som venta. Vi har heile tida sagt at det ligg an til store kostnadsprekker når ein skal til med heilt ny og ukjend teknologi. I dette prosjektet kan nok prisen koma til å løpa løpsk, seier Børgesen.
I tillegg til å vera leiar for Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden er han fungerande leiar for Miljøpartiet De Grønne i Hordaland, samt leiar for den regionale transportkomiteen for MDG på Vestlandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grunnlagsdokumentet som vart lagt fram i dag, opererer med ein pris som er meir enn ei dobling av den opprinnelege prisen for Hordfast-prosjektet - vegstrekket mellom Ådland på Stord og Svegatjørn på Os.
- Dei første tala som vart lagt fram for prosjektet i 2012, var på 16 milliardar, fortel Børgesen.
Sidan steig prisen til 27 milliardar, og i dag vart altså 39 milliardar lagt fram som ein mogleg prislapp.
Samtidig er det enno ikkje fastslått kva for teknologi som skal brukast for fjordkryssinga.
Fire ulike byggjemetodar er aktuelle. Hengjebru, røyrbru, flytebru og TLP-bru (hengjebru fundamentert på Tension Leg Platform). Alle er merkt med at teknologien må utviklast. Men i løpet av tre år, innan 2019, reknar Statens vegvesen med at teknologiutviklinga har kome langt nok til at minst ein brutype vil kunna byggast over fjorden.
- Dei har låst seg til firefelts motorveg for heile prosjektet. Dermed blir alle alternativa dyrare, slår Børgesen fast.
Han meiner også at utrekningane som er gjort på forventa trafikktal er fullstendig urealistiske.
- I planane har dei rekna med varierande auke i trafikken. Men sanninga er at vi alt no ser ein nedgang, slik at trafikken ligg på langt under dei tala dei har rekna med vi skulle ha no. I fjor gjekk trafikken ned med 0,1 prosent på sambandet Halhjem-Sandvikvå,g og i januar i år har nedgangen vore så stor som 2 prosent. Det er med andre ord ingen realisme i trafikktala deira, meiner Børgesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Resten av grunnlagsdokumentet har forøvrig stort fokus på ulike miljø- og klimatiltak.
- Korleis opplever du at planlegginga av slike store vegprosjekt heng saman med resten av planen?
- Føresetnaden for å realisera prosjektet er auke i trafikken, men samtidig er det akkurat det regjeringa har forplikta seg til å jobba mot, mellom anna gjennom Paris-avtalen, seier Børgesen.