NRK)
NRK)

Bru over Bjørnafjoden blir dyrare enn venta

Bru over Bjørnafjorden er forventa å bli 12 milliardar dyrare enn først berekna, og kan stå klar i 2029, i følgje det såkalla grunnlagsdokumentet for Nasjonal Transportplan (NTP) som vart lagt fram i dag.

"Grunnlagsdokument Nasjonal transportplan 2018-2029" vart framlagt for samferdsleministeren kl. 10 i dag. Dokumentet er utarbeidd av Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor AS, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Planen viser at Hordfast kan koma til å kosta 39 milliarder kroner. Tidlegare var prislappen for prosjektet berekna til 27 milliarder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les heile vedlegget i NTP om ferjefri E39her.

Planen vart lagt fram av toppleiarane i transportetatane. Oppdraget deira har vore å tenkja heilheit, istaden for at etatane skulle laga ei prioriteringsliste kvar for kvart sitt område.

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen region vest, for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, bekrefta p åein pressekonferanse i føremiddag at dagens framlegging er annleis enn før.

Regjeringen.no)
Regjeringen.no)

- Det er ikkje eit forslag til NTP vi legg fram. Det er eit grunnlagsdokument. Vi har ingen prioriteringar, men har fått i oppdrag om å rangera prosjekta, sa Eidsnes.

No vert det opp til politikarane å plukka frå dette grunnlagsdokumentet, og eventuelt ta inn andre prosjekt som ikkje er med på disse listene.

Men fyrst vert plandokumentet no sendt på høyring for at næringsliv og innbyggjarane skal få seia si meining, med høyringsfrist 1. juli i år.

- I tillegg vil vi reise land og strand rundt for å få innspill og synspunkter. Et bredt offentlig ordskifte og innspill fra mange hold er med på å styrke og utvide regjeringens grunnlag for å fastlegge prioriteringer og økonomiske rammer for den nye transportplanen, sa samferdsleministeren til regjeringen.noetter at han fekk overrakt grunnlagsdokumentet.