Brannstiftar har tilstått
Mannen som tysdag morgon vart pågripen etter brannstifting i Eikelandsosen har tilstått forholdet. Han vert også sikta for innbrot i endå eit hus same natta.
Wincentz Osebakken (90) sløkte sjølv brannen som vart forsøkt starta i huset hans natt til tysdag. Det vart tent på både i ei trapp og på eit stovebord, og Øystein Havsgård ved Fusa brann og redning har uttalt at huset kunne ha teke full fyr om ikkje huseigaren hadde vakna og sløkt. Gjerningsmannen stakk av med Osebakkens Toyota i rusa tilstand før han vart pågripen på Hatvik ferjekai.
LES OGSÅ: - Flaks at pappa høyrde brannalarmen
Artikkelen held fram under annonsen.
Likt innbrot
No opplyser politioverbetjent Ove Ivarhus at mannen også har brote seg inn i eit hus på Fusa same natta.
- Innbrotet er skjedd på same måte som i bustaden i Eikelandsosen, ved å ta seg inn gjennom eit vindauge. Der har han stole nokre kontantar, men noko forsøk på brannstifting har me ikkje sett der, seier Ivarhus.
Sikting og tilståing
Fusa lensmannskontor er i startfasen på etterforskinga, men Ivarhus opplyser at mannen har tilstått dei faktiske forholda i avhøyr. Han vert truleg framstilt for varetektsfengsling i dag. Mannen vert sikta for grovt skadeverk ved brannstifting, for grovt tjuveri to hus, for bilbrukstjuveri og for promillekøyring.
- Siktinga kan bli utvida etter kvart som etterforskinga går sin gang, seier Ivarhus.
Den sikta har bustadadresse i Fusa, og vert skildra som ein kjenning av politiet.