Her i dette vesle huset i Eikelandsosen vakna 90 år gamle Wincentz Osebakken av at brann-alarmen ulte. Lite visste han då at han hadde hatt ein ubeden gjest som truleg står bak brann-tilløpet.
Her i dette vesle huset i Eikelandsosen vakna 90 år gamle Wincentz Osebakken av at brann-alarmen ulte. Lite visste han då at han hadde hatt ein ubeden gjest som truleg står bak brann-tilløpet.

- Flaks at han høyrde alarmen

- At pappa høyrde brannalarmen er berre flaks. Han bruker nemleg å sova utan høyreapparat, seier Tone Veslemøy Osebakken.

Natt til tysdag vakna far hennar av at brann-alarmen ulte i bustaden i Eikelandsosen sentrum. I ettertid viser det seg at det var ein innbrotstjuv som hadde starta branntilløpet. 90-åringen høyrde ikkje innbrotet, men vakna altså av den ulande brannalarmen.

- Det må me ta på kontoen for flaks. Far min høyrer ganske dårleg og bruker difor høyreapparat. Etter det eg kjenner til, har han ikkje dette på seg når han søv, seier dottera Tone Veslemøy Osebakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sprek 90-åring

Då «Os og Fusaposten» prata med henne tysdag føremiddag, var ho på veg til Haukeland Unviersitetssjukehus for å besøka faren, Wincentz Osebakken.

- Han er til sjekk. Etter det eg forstår er det vanleg rutine for folk som har fått røyk i lungene sine, fortel dotter Osebakken.

Ho rakk berre å prata litt med faren før han fòr med ambulansen i morgontimane i dag.

Tone Veslemøy Osebakken er letta over at politiet var så raske med å ta mannen dei mistenkjer for å ha stått bak innbrotet og brannstiftinga i farens bustad.
Tone Veslemøy Osebakken er letta over at politiet var så raske med å ta mannen dei mistenkjer for å ha stått bak innbrotet og brannstiftinga i farens bustad.

- Både han og eg var ganske sjokka, men han er ein sprek kar og eg trur han klarer å ta det heile med fatning, seier ho.

Wincentz hadde nett fornya sertifikatet sitt på bil. I dag tidleg stakk innbrotstjuven og brannstiftaren av med 90-åringens Toyota.

- Det var godt politiet fekk stansa han. Eg berre håpar at bilen er like heil, seier dottera.

Inga logisk forklaring

Ho var veldig letta over at innbrotstjuven vart raskt teken hand om av politiet.

- Det er ubehageleg å vita at han tok seg inn i huset til far min. Eg veit kven han er, og det trur eg dei fleste andre i Eikelandsfjorden også gjer, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvifor den mistenkte tok seg inn i huset til faren har ho inga logisk forklaring på.

- Nei, for meg er det heilt uforståeleg. Endå mindre at han prøvde å setja fyr på huset. Det er ingen band mellom den mistenkte og far min, konstaterer dotter Osebakken.