Ole Reinert Berg-Olsen sluttar som dagleg leiar og styremedlem i Osfest AS. (Arkiv
Ole Reinert Berg-Olsen sluttar som dagleg leiar og styremedlem i Osfest AS. (Arkiv

Berg-Olsen sluttar i Osfest

Ole Reinert Berg-Olsen trer av som leiar, men seier at avgjerda har ingenting med årets økonomiske nedtur å gjera.

Berg-Olsen trer no ut av styret og gjev seg som dagleg leiar i Osfest AS. 34-åringen seier at dette har vore planen heile tida.

- Heilt sidan oppstarten har det vore planlagt at eg skulle vera med og byggja opp dette i ein treårsperiode. No er festivalen levedyktig, grovarbeidet er gjort, og det er på tide å sleppa andre til, seier Berg Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Familien og karriera

Han fortel at arbeidet med festivalen har vore svært omfattande dei siste tre åra, og mesteparten har vore frivillig arbeid.

- Eg har born og familie å tenkja på. Eg har fått beskjed på heimebane om at det er gøy med festival, men no er det kanskje litt nok, seier Berg-Olsen. Han har også jobb som prosjektleiar i Os og Fusaposten, og har si eiga karriere som musikar å tenkja på.

Han sit også på halvparten av aksjane i Osfest AS. Han har ikkje teke stilling til kva som vil skje med dei enno, men seier at verdien ikkje er så stor.

- Aksjekapitalen er på 30.000 kroner. Osfest har vedtektsfesta at me ikkje skal ta ut utbyte, så det er uansett ikkje noko å tena pengar på, seier han.

I mål med kreditorane

For kort tid sidanmelde festivalen om eit monaleg underskot etter publikumssvikt.

- Det er ikkje så mange veker sidan BT hadde overskrifta "Osfest kan gå mot konkurs". Følte du at det var ei rett beskriving av situasjonen på det tidspunktet?

- Nei. For det har aldri vore snakk om det. Før du kjem så langt har du høve til å laga ei akkordforhandling med kreditorane. Då tilbyr du det du har, og så startar selskapet med blanke ark etter det. Me har tilbydd det me har, pluss litt til. Alle kreditorane får dermed 100 prosent. Det er uansett ingen som har så store uteståande beløp at det ville svart seg for dei at me blei slått konkurs, seier Berg-Olsen.

- Har din avgang noko med den økonomiske situasjonen å gjera?

Artikkelen held fram under annonsen.

- No er me stort sett komne i mål med kreditorane, så timinga er ikkje direkte knytta til det. Det arbeidet har Tor Egil Hylland stått i spissen for, og all ære til han for det. Dermed er det grunnlag for Osfest også vidare, og då er det naturleg å sjå på vegen vidare, forklarer den avtroppande festivalsjefen.

Opnar opp styret for fleire

Festivalleiinga har fått tilbakemelding frå ulike eldsjeler som har lyst til å vera med og driva festivalen vidare. Berg-Olsen seier at dei no vil få sjansen til å vera med i styre og stell, og at dei har fleire moglege namn som kan vera aktuelle til å tre inn i styret.

- Når eg no trer til sides, kan det finna stad ein kreativ prosess om kven som vil vera med i styret, og vera med og forma Osfest for framtida, seier Berg-Olsen.

- Kva råd vil du gje som avtroppande sjef for Osfest 2017?

- Osfest har lagt seg på ei hovudlinje der musikken er tilpassa 30 år og oppover. Der har eg forstått at det heller bør vera 20 år og oppover. Det ville eg prioritert til neste år, avsluttar Berg-Olsen.