Real smell for Osfest
Årets Osfest trefte ikkje breitt nok. Publikumssvikten gjev arrangørane ein solid smell.
Osfest 2016 går mot eit betydeleg underskot.
- Me veit ikkje konkret kor stort underskotet er, men det er på det reine at det er så stort at me er nøydde til å forhandla med kreditorane, seier festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fryktar likevel ikkje for Osfest 2017.
- Me har ein såpass god dialog med kreditorane at me håpar dette ordnar seg. Etterslepet me eventuelt får, meiner me at me skal klara å bera, seier Berg Olsen.
- Men kan ein risikera at det ikkje vert nokon Osfest 2017?
- Det er alltid ein risiko, men responsen frå kreditorane gjer som sagt at me ikkje fryktar dette.
Trefte ikkje
Med unntak av Marcus & Martinus-konserten trekte årets arrangement langt færre publikumarar enn arrangøren hadde håpa på.
Berg Olsen var sjølv booking-ansvarleg for festivalen, og har sin teori.
- Me hadde for få artistar for publikum mellom 15 og 30 år. Me hadde Donkeyboy, men det var tilsynelatande ikkje nok, seier han og held fram:
- Årets artistar bestod av nasjonale og internasjonale stordomar. I forkant av festivalen fekk vi utelukkande positive tilbakemeldingar på programmet, også frå andre festivalar. Festivalen var ganske godt besøkt, men ikkje godt nok. Dette er noko vi tar lærdom av, og eit framtidig festivalprogram bør ha eit endå større tilbod for aldersgruppa 15-30 og, om mogleg, endå større del kommersielle artistar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter festivalen har leiinga henta inn evaluering frå dei mange frivillige.
- Den var ganske eintydig. Dei seier det same stort sett samtlege 400. Det var ok med artistar, og opplegget synest dei var bra, men dei sakna meir for 15-30-åringane, og kanskje nokre fleire kommersielle innslag, fortel Berg-Olsen.
Overraska
Sjølv trudde han årets program ville appellera meir til Os-publikumet.
- Ut frå den gode responsen me fekk då Osfest-programmet etter kvart vart presentert, er eg overraska over at det ikkje var fleire som fann vegen dei to kveldane. Dei fleste som var det var kjempenøgde med det dei fekk sjå på scenen, men det at så mange potensielle festival-publikumarar valde å ikkje ta turen, må me ta til etterretning. 2016-festivalen må me rett og slett læra av, seier Berg Olsen.
Fleire scener
I etterkant av sommarens arrangement har det vorte diskutert fleire tiltak for å gjera festivalen meir tilgjengeleg. Eit av forslaga er at folk burde kunne kjøpt billett til enkeltkonsertar. Dette er ikkje eit forslag som vert applaudert av festivalleiinga.
- Med ein stor scene slik me har her i Os, vil det rett og slett ikkje vera mogleg. Då måtte me altså gått inn etter ein konsert og henta ut igjen dei 200-300 publikumarane som ikkje skulle vera der resten av kvelden. Det går ikkje.
- Men kan de vurdera fleire scener, fleire arenaar?
- Dei tre åra me har halda på har me hatt to scener. Ein hovudscene og ein i VIP-teltet. Det har også vore drøfta ein større hovudscene som kan delast i to, slik at neste band kan gå rett på, eller to separate scener inne på hovudkonsertområde.