Søviknes: - Osfest har livets rett
Ordføraren trur og håpar at Osfest vil reisa seg att etter årets nedgang i besøkstal.
Dagens melding om svikt i besøkstalet, og dermed inntektene til Osfest, kom ikkje som noko overrasking på ordføraren.
- Eg har frykta akkurat dette. Nokon kvar har jo registrert at det var tynt både fredags kveld og laurdags kveld, seier Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les også:Real smell for Osfest
Sjølv gjekk han ut på Facebook og spurde "kvar var osingane", etter fredagen, og oppfordra folk til å møta opp. Slik gjekk det ikkje.
- Med tanke på at festivalen både satsa meir og hadde større budsjett, burde det ha vore meir publikum dei to kveldane enn kva som var tilfellet. Det er veldig synd at det gjekk som det gjekk i år, for festivalen har absolutt livets rett, seier han, og viser til kjempegode tilbakemeldingar på arrangementet generelt, og den fantastiske basen med frivillige Osfest har stabla på beina.
Økonomisk støtte?
Os kommune gav500.000 kroner i støtte til Osfest i år. Ordføraren seier at dei no må ta ein prat med festivalleiinga.
- Dei er i direkte forhandlingar med sine leverandørar no, og det vil måtta ta si tid. Me politikarane må ha full oversikt før me kan ta diskusjonen om vegen vidare, seier han.
Hans tydelege ståstad er likevel at kommunen bør vera positivt innstilt også vidare.
- Me vil jo gjerne at Osfest skal bestå. Me treng det, og det passar godt inn i Liv på Øyro. Grepa med gjer i sentrum som også inkluderer ny molo, fører til at fleire kan ta med båten på festival. Eg er heilt sikker på at ting vil eta på seg og veksa vidare. Me såg det no i år at Os sentrum tok utfordringa med marknadsdagar under Osfest. Slik sett er det frykteleg synd at Osfest får ein knekk no. Men det er mange festivalar som har hatt ein knekk, og som har reist seg att. Det trur og håpar eg vil skje denne gongen også, seier Søviknes.
- Vil Os kommune ta rekninga for eit eventuelt etterslep, som Osfest varslar i verste fall kan bli utfallet?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er alt for tidleg å svara på. Formannskapet må drøfta det før eg kan seia noko om det, seier han.
Moglege årsaker
Når det gjeld moglege årsaker til publikumssvikten, viser han til det fleire alt har peikt på, at artistvalet vart for smalt.
- Det var jo snakk om sterke kvalitetsmusikarar, men det var ikkje fullt så kjente namn. Det vart nok litt for smalt, og for få artistar med ei stor breidde. Samtidig mangla det noko for ungdommane, det er noko eg trur må justerast, seier han.
- Trur du det kan ha appell med fleire lokale artistar?
- Både òg. Tysnesfest har til dømes bygt seg opp utan dette, men så har dei heller ikkje så mange lokale artistar å ta av. Me har jo alt frå Abbath til Aurora. Ho er jo ein artist som Osfest har hatt før, og som treffer alle aldersgrupper. Me kunne til og med hatt ein eigen Os-kveld - det ville vore utruleg spanande, seier han.