
Rektor på Ådlandsfjorden barneskule har gått bort
– Olav vil bli hugsa for alt han gjorde for elevane, skulen og bygda.
Onsdag 5. mars vart Olav Aarvik (63), rektor ved Ådlandsfjorden barneskule, brått riven bort.
Aarvik har vore rektor på skulen på Holmefjord dei tre siste åra. Han starta i kommunen i 2011, og har hatt fleire leiarroller, mellom anna som einingsleiar for oppveksttun og som rektor og assisterande rektor ved Eikelandsosen barneskule.
– Der er ei tung tid for alle elevar og tilsette ved skulen, og for alle oss som hadde Olav som kollega, seier kommunalsjef for oppvekst, Line Rye.
– Våre varmaste tankar går til familie og vener av Olav, legg Rye til.

Minnestund på skulen
Kommunalsjefen skildrar Aarvik som ein dyktig rektor og eit varmt menneske med blikk for alle rundt seg.
– Det er eit stort tomrom på skulen og i leiargruppa, som Olav var ein del av, seier Rye.
12. mars vart det halde minnestund på skulen for elevar, føresette og tilsette.
– Vi tente lys, delte minner og var saman i sorga, fortel Rye.
Også på Facebook-sida til Ådlandsfjorden barneskule vert Aarvik minna.
– Olav vil bli hugsa for den gode, trygge og engasjerte personen han var, og for alt han gjorde for elevane, skulen og bygda vår, skriv skulen og sender varme tankar til familien til Olav og alle som står han nær.
Aarvik vart gravlagd frå Ådland kyrkje i Samnanger fredag 14. mars.