Aktuelt
Lepsøyvegen skal få ny asfalt
Vestland fylkeskommune har fått 120 millionar kroner til nytt vegdekke i 2025/2026.
Fire kontraktar er fordelte, éin av dei strekkjer seg over to år.
Veidekke Industri AS har fått den to-årige kontrakten som dekker heile Vestland.
Totalt skal det leggjast 41.000 tonn asfalt over to år (21.000 tonn i 2025 og resten i 2026). 167 kilometer veg skal få nytt dekke.
I Bjørnafjorden blir det, anten i 2025 eller 2026, asfaltering av Fv 5150 Lepsøyvegen/Røtingavegen inkludert snuplass. Her kjem det 3.830 meter ny asfalt.
Kjøper ny politibåt
Vest politidistrikt har inngått ein avtale med den norske båtprodusenten Goldfish om kjøp av ny politibåt, ein Goldfish M12. Det opplyser politiet i ei pressemelding.
- Båten vil styrka vår beredskap og evnen til å handtera oppdrag i kyst- og sjøområde. Anskaffelsen kjem etter fleire problem med den forrige politibåten som til slutt måtte setjast på land, heiter det i pressemeldinga.
- Derfor er vi glade for å ha fått på plass denne avtalen på såpass kort tid. Goldfish M12 er ein velprøvd båttype som allereie er i bruk både i politiet og forsvaret. Erfaringane frå andre er at dette er eit solid verktøy for beredskap og operativ innsats, seier leiar for Felles operative tjenester i Vest politidistrikt, Kjetil Rekdal.
Politibåt Politiet Straumbrot på Nore Neset
Fredag føremiddag har fleire vore utan straum i området Nore Neset/Hagavik. På det meste var 788 kundar berørte. Klokka 10.49 er 81 kundar utan straum. Problemet er forventa utbetra kl 13.
Straumbrot Skjermdump/BKK Kaare Songstad sluttar som politimeister
Måndag 17. mars går politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad til Politidirektoratet. Der skal han leie eit viktig utviklingsarbeid, heiter det i ei pressemelding frå Vest politidistrikt.
Songstad har vore politimeister her vest sidan 1. januar 2016. Innbeordringa er i første omgang på eitt år.
Visepolitimeister Ane Kvaal blir konstituert som politimeister i Vest inntil videre.
Brannvesenet på veg til trafikkulukke på Mundheim
110 Vest melder om ein trafikkulukke ved Mundheim, der ein bil skal ha køyrt i ein murkant og tippa over på sida.
Det er ikkje meldt om personskadar.
Brannvesen er på veg til staden.
Veg stengt på grunn av flom
Fv 5110 Kleiva/Orra i Øvre Hålandsdalen er stengt på grunn av flom. Det melder Vegtrafikksentralen Vest vel klokka 6 torsdag morgon.
Flyttar eksamen for russen
Eksamen for avgangselevane i vidaregående skule skal i 2026 starta første veka i mai. Målet er at avgangsfeiringa i vidaregåande startar først etter at eksamen er gjennomført. Det skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
– For meg er det heilt avgjerande at mai skal vera ein månad med mykje læring, øving og eksamensgjennomføring. Russetida skal ta mindre plass i eksamenstida. Skule skal handla mest mogleg om læring, og minst mogleg om sosial posisjonering, ekskludering og festing. Elevane må konsentrera seg om skule til etter siste eksamen er ferdig, og så kan dei sjøvsagt feira. Fest etter test, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Planen er at eksamenane i norsk og nokre programfag vil leggjast tidleg i måneden, medan andre programfag framleis vil gjennomførast etter 17. mai.
Driftsproblem på Hatvik-Venjaneset
Arkivfoto Benjamin Søgnen Olsen Fjord1 melder kl. 12.37 at ferjesambandet Hatvik - Venjaneset er innstilt inntil vidare.
Fusa vgs med oppmoding til elevar
Fusa vidaregåande skule har oppmoda elevar og tilsette med rasutsett reiseveg om å halde seg heime og delta i hybrid undervisning onsdag 5. mars.
Føresette til elevar under 18 år gir melding til skulen om dette vert aktuelt.
Elevar over 18 år tar gir melding til aktuell kontaktlærar.
Fekk melding om lastebil som vingla i vegen
Politiet sjekka føraren av ein lastebil måndag kveld. Køyretøyet skal ha blitt kontrollert på Lepsøyvegen etter at eit vitne skal ha reagert på køyringa.
I ein e-post skriv politioverbetjent Anne Lyssand at politiet ikkje fann noko å reagera på.
– Patruljen avslutta på staden, skriv Lyssand.
Måndag morgon blei det gjennomført ruskontroll på Halhjemsvegen.
Lyssand skriv at 61 køyretøy blei kontrollerte. Ingen reaksjoner.
Lyshorntunnelen stengt i retning Os
E39 Lyshorntunnelen i retning Os er stengt. Årsaka er ein lastebil som står i havarilomma til høgre ved inngangen av tunnelen. Det melder Vegtrafikksentralen på X kl. 14.23
Har oppretta sak etter arbeidsulukke
På veg inn i helga, fekk politiet melding frå ei verksemd i Os. Fredag formiddag skal ein tilsett ha kutta seg i ein finger under arbeid med sag.
– Patruljen blei send til staden og pasienten blei send Haukeland sjukehus utan at det er nemnd noko i loggen om skadeomfang, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.
Politiet opplyser videre at det rutinemessig er oppretta sak på forholdet.
Traktor og personbil involvert i trafikkuhell
Like etter klokka 12 laurdag vart politiet varsla om ein samanstøyt mellom ein traktor og ein personbil i Hisdalen/Samnangervegen.
– Det er ikkje meldt om personskade, men ein del materielle skader, opplyste Vest politidistrikt på X.
– Det var tre personar i bilen, og éin i traktoren. Sannsynlegvis har uhellet skjedd av di traktoren svingte av vegen samstundes som bilen køyrte forbi, fortel politistasjonssjef i Kvam og Samnanger lensmannsdistrikt, Terje Sperrevik.
Hjulkapsel flaug av i tunnelen
Torsdag ettermiddag litt før klokka 15 fekk politiet melding om køyretøystans i Skogafjelltunnelen. Ein hjulkapsel hadde ramla av, og føraren stoppa i ei naudlomme for å setja den på igjen. Ingen operative tiltak frå politiets side
Kontroll resulterte i sju bruksforbod
Torsdag kontrollerte Statens vegvesen 68 tunge køyretøy på kontrollplassen ved Svegatjørn. Kontrollen resulterte i eitt bruksforbod for utgått førarrett (5.000 kroner i gebyr), eitt bruksforbod for utgått YSK (4.000 kroner i gebyr), eitt bruksforbod for sikthindringar, to bruksforbod for sikring av last, eitt bruksforbod for manglande dokument og eitt bruksforbod knytt til for stort overheng bak.
I tillegg fekk tre førarar gebyr på grunn av for liten mønsterdybde i dekka og tre førarar fekk åtvaringar knytt til mindre feil i køyre- og kviletidsbestemmelsane.
Tenåring mista lappen
Tysdag ettermiddag kontrollerte politipatruljen ein to-hjuling i Mobergsbakken på grunn av uvettig køyring. Føraren, ein gut fødd i 2008, vart fråteken førarkortet på staden. Guten er ikkje busett i Bjørnafjorden og verje er varsla om hendinga. Politiet har oppretta sak.
Kjøpmann meiner at folk elskar den nye maskinen
I fjor tok Rema 1000 Kuven Stasjon imot over 2,6 millionar boksar og flasker gjennom panteautomaten. Det er ny rekord, mest i Bjørnafjorden og 4. mest i hele Vestland fylke.
– I år satsar vi på å få inn over tre millionar, seier kjøpmann Trond Hope, i ei pressemelding frå Infinitum.
Trond Hope, Rema 1000 Rema 1000 Totalt blei det panta over 1,5 milliardar boksar og flasker i Norge i 2024, ifølge tal fra Infinitum, som driv panteordninga. All pant vert resirkulert.
– Folk elskar den nye typen panteautomat, fordi det er så enkelt og går raskt. Vi regna difor med å få inn store mengde pant etter at vi fekk denne. Vi håpte på over to millionar og at det blei over 2,6 millionar var over forventinga, seier kjøpmannen.
I pressemeldinga blir det også minna om at det i Noreg er ein lovparagraf som sikrar at ein kan panta på alle stader der drikkevarer vert selt, anten det er på bensinstasjonar, kafear eller daglegvarebutikkar.
"Tullekøyring" utan hjelm
I 21-tida måndag kveld fekk politiet melding om tre lettsyklar som køyrde "tullete" i Industrivegen.
Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post tysdag morgon.
To av førarane skal ha køyrd utan hjelm og den eine sykkelen hadde ikkje skilt, ifølgje meldar.
– Politiet hadde ikkje kapasitet til å senda patrulje på oppdraget, skriv Lyssand.
– Det er ikkje ofte vi får slike førespurnader
Tidleg måndag ettermiddag kom ein politibil køyrande på Byvegen retning rundkøyringa i Os sentrum.
Politiet stoppa nokre meter før rundkøyringa og stoppa samtundes bilar på veg i motsett retning.
Brei last Benjamin Søgnen Olsen Kort tid etter kom eit par større køyretøy med brei last.
– Det er ikkje ofte at vi får slike førespurnader, men det hender at det skjer, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.
Ho legg til at ikkje det var ein lokal patrulje som hjelpte til denne gongen, men Lyssand og co på stasjonen på Moberg, var klare over oppdraget.
– Eg har vore i kontakt med dei som hadde behov for assistanse, fortel Lyssand.
Mildvêr og lite snø: Skibussar avlyst
Bjørnafjorden kommune opplyser i ein e-post at skibussane i vinterferien vil bli avlyst grunna midvêr og lite snø.
Dei skal ha fått opplysningar om at Eikedalen skisenter truleg vil vera stengd i morgon.
Turane som er sett opp 6. og 20. mars vil gå som planlagd – om vêr og forhold tillet det.
Sporten
Ny medalje til Bjørg Marit
Tysdag gjekk Bjørg Marit Eide og det norske ungdomslandslaget inn til andreplass i ungdoms-VM i skiskyting i Østersund i Sverige. Det norske laget var 20,8 sekund bak Tyskland. Forutan Bjørg Marit gjekk Sara Tronrud og Martine Skog for det norske laget.
Stor poengfangst på reise
Osdamene reiste til Fredrikstad i helga, der dei spelte to kampar på to dagar.
Det resulterte i full pott.
Først tok dei hand om Fredrikstad Bkl 2 laurdag. Etter å ha hamna under med tre mål til pause, snudde damene oppgjeret etter kvilen, og vann 30-27.
Søndag var det Østsiden Fredrikstad som stod for tur. Os tok kommando frå start og hadde fem mål å gå på før andreomgang.
Heimelaget kom ikkje nærmare, og med 26-21 kunne Os innkassere nye poeng før heimreise.
Etter 15 kampar er Os plassert midt på tabellen, med kortare veg poengmessig oppover enn nedover.
Bækkelaget Håndball Elite er suverene så langt med 15 sigrar av 15 moglege.
Tap for rogalendingar i Åsane
Onsdag vann Lysekloster 2-1 over Brann 2 heime i Lysefjorden. Berre tre dagar seinare var det klart for ny treningskamp.
Denne gongen i Åsane mot Sandnes Ulf.
Til pause stod det 1-1 mellom laga. Jacob Bolsø skåra målet for Lysekloster.
Etter 53 minutt kom den avgjerande skåringa. Sandnes Ulf, som rykte ned fra OBOS-ligaen i fjor, vann kampen 2-1.
Braktap i seongoppkøyringa
Laurdag spelte Os treningskamp borte mot Renate Blindheims Sotra.
Sotra – Os treningskamp 2025 Hordalandsfotball. Det var tøff motstand for Os mot eit lag som førebur seg til sesong på nivået over, i PostNord-ligaen.
Det enda med heile 8-0 til Sotra.
Fleire spelarar har signert på nytt
Onsdag kveld tok Lysekloster A-lag imot Brann 2 til treningskamp i Lysekloster Family Arena. Her slo dei andrelaget til laget frå Idrettsveien i Bergen 2-1. Lysekloster sine mål vart skåra av Jacob Kvarven (10 min.) og Sander Marthinussen (41).
Sistnemnde har nett skrive under ny kontrakt med munkane. I lag med kaptein Alexander Dang har han skrive under ut inneverande sesong.
Torstein Hildal, Jørgen Nordvold Lunde, David Tufta og Jacob Jacobsen Bolslø har skrive under til og med 2026.
Ny frå Sotra er Mats Åserud. Han har skrive under til og med 2025-sesongen.
Neste treningskamp for Lysekloster er på Åsane Arena mot Sandnes Ulf komande laurdag.
Siger i årets første heimekamp
Fredag skulle Lysekloster møta Brann 2 til treningskamp på Åsane Arena. Den kampen blei aldri noko av grunna vêret.
Sander Mathinussen skåra eitt av måla i treningskampen mot Brann 2 i Lysefjorden onsdag. Kampen blei utsett til i dag, onsdag. Heime i Lysefjorden gjekk kampen av stabelen, og det var heimelaget som trekte det lengste strået.
Etter skåringar frå Jacob Kvarven og Sander Marthinussen vann Lysekloster 2-1.
Tett oppgjer i Oshallen
Det blei jamt i fjor haust då Os-damene spelte borte mot Tromsø. Då var laga like gode med 25-25.
Søndag var det klart for det omvende oppgjeret. I Oshallen hadde Tromsø skaffa seg eit forsprang på fire mål før kvilen, eit forsprang heimelaget ikkje klarte å henta opp.
Nye kampar til helga: Os-trenar Kenneth Husebø og spelarane får høve til å henta heim poeng til helga. Då reiser dei til Fredrikstad, der dei skal spela både laurdag og søndag. Arkiv/Benjamin Søgnen Olsen Det enda med tap 29-32 for Os-damene søndag.
Alt til helga ventar to kampar for damene. Då skal dei spela borte mot Fredrikstad Bkl 2 laurdag og Østsiden Fredrikstad søndag.
Tap for Askøy
Herrelaget til Os Fotball spelte treningskamp i Vestlandshallen laurdag.
Berre eitt mål blei produsert i kampen, og det var det Askøy som fekk. Dermed enda kampen med eit knipent tap for Os.
Avlyst kamp
Fredag kveld skulle Lysekloster spela treningskamp mot Brann 2 i Åsane Arena.
Den kampen kom aldri i gang som planlagt. Vêret skal ha ført til at laga måtte finna ny dato.
I ei tekstmelding opplyser Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik, at dei vil forsøka igjen på onsdag klokka 16.
Ventar smekkfull hall
Sparebanken Vest Arena har offisiell opning laurdag, og ifølgje klubben er det snart ikkje plass til fleire publikummarar på den store dagen.
Det er eit maks tal som får lov til å vera i hallen samstundes, og under legging av kunstgraset for to veker sidan, orienterte leiinga i idrettslaget om at mange hadde meld sin ankomst.
Dagen før dagen fortel leiar Bjarte Aarvik at det framleis er plassar att.
– Truleg vil folk koma laurdag utan å registrera seg på førehand. Det er fint om folk kan registrera seg, slik at vi har oversikt. Det er framleis plassar att, seier Aarvik, som oppmodar til å bruka kollektivtransport.
Nytt idrettsanlegg tek form
Hausten 2023 fortalte Venjar IL om planane dei hadde for idrettsanlegget sitt på Fusa.
Dugnadsgjengen kunne i fjor haust fortelja om intenst arbeid. Då nærma dei seg å kunna starta på ringmur til padelbane og klubbhuset.
Foto: Benjamin Søgnen Olsen Bilete frå denne veka syner at dei har kome eit godt stykke vidare sidan då.
Etter planen skal heile anlegget vera ferdig og klart til våren.
Har signert ny keeper
23 år gamle Fredrik Sivertsen Bergslid har signert kontrakt med Lysekloster som strekkjer seg ut 2026.
Det melde klubben torsdag.
Keeperen kjem frå Stjørdals–Blink, og har vore innom ei rekkje ulike klubber i karrieren så langt.
I ei sak på Lysekloster.no er 23-åringen sitert på at han hadde planar om å flytta til Bergen til hausten for å ta master, men at han først og fremst valte Lysekloster fordi at han kjende seg ønskt av trenarteamet.
Fredrik Sivertsen Bergslid Lysekloster IL – Klubben er i god utvikling, på veg framover, og forholda ligg godt til rette for å ta nye steg som fotballspelarar, seier han i den saka.
Vi e' Bjørnafjorden!
Farevarsla stod i kø:
Debatt
-
Me kan ikkje ta likestillinga for gitt
-
Slava Ukraini!
-
La elvene leve!
-
Om å stikke hodet i sanden!
-
Nei! Golfbanen er ikkje byggeland
-
«Derfor er budsjettet ulovleg»
-
Nytt år og nye moglegheiter: Ta ansvar for din eigen digitale kompetanse
-
Veggen mot fjorden – skammens vegg
-
“Billig” brøyteanbod - men kvar er kvaliteten?
-
«Songar ved frysedisken»: Kunne ha tina ein frossen-laks på no time
Ein smak av bygda
Siste saker på osogfusa.no
-
Ungdomar henta av foreldre etter alvorsprat med politiet
-
Melding om vald mot kvinne i Os sentrum
-
Me kan ikkje ta likestillinga for gitt
-
Flesteparten av dei som har kjøpt i dette feltet har ein ting til felles
-
Tek valdsutfordring ved rota. – Alle erkjenner at det er eit aukande problem
-
Agnes (21) og venene har forskansa seg og er førebudde på det meste
-
Kryssar fingrane for at det verste er over: – Me skal ha dåp her inne på søndag
-
Skryter ungdomen opp i skyene: – Det var ei heilt anna stemning
-
Aldri før har så mange valt yrkesfag
-
Kvinna trudde ho kjøpte Airpods på Finn. No er mann dømd for å ha lurt til seg pengar