Audun-Hadler Olsen fortalte at politiet har hatt ekstra søkjelys på vinningskriminalitet i året som gjekk.
Audun-Hadler Olsen fortalte at politiet har hatt ekstra søkjelys på vinningskriminalitet i året som gjekk.

ID-tjuveri og bedrageri

Politiet har latt vera å senda ut pass til sentrale adresser i Os som følgje av posttjuveri.

Politiets oppsummering av 2015 inkluderte alle tilfella av posttjuveri og dei konsekvensar dette har ført med seg. I løpet av året gjekk politiet fleire gonger ut ogbad publikum om å skaffa seg lås til postkassane.

- Denne oppfordringa har ikkje folk vore flinke nok til å følgja, sa lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet hadde 10 meldingar på dette, men dei reknar med store mørketal.

- Når det kjem ein person frå eit heilt grendelag inn med ein heil pose post som er funnen, kunne me ha registrert kvar av dei som ei sak, sa politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Problem i sentrumsnære område

- Er det spesielle geografiske område som er særleg råka av dette?

- Dette gjeld særleg sentrumsnære område. Det er 3-6 personar me mistenkjer som er gjengangarar på dette feltet. Me fryktar at det kan spreia seg frå dei mistenkte til andre kompisar av desse, sa Hadler-Olsen.

- På grunn av dette har me slutta å senda ut pass til utsette område, la Dyrdal til.

Misbrukte brev-info

Hadler-Olsen opplyste at politiet jobba med 40 bedragerisaker i 2015, og delvis kan dei knytast til posttjuveri.

- Dessverre er det nokre kriminelle som har funne måtar å misbruka dei opplysningane dei finn ved å gå gjennom posten. Me har fleire meldingar av ID-tjuveri, der personopplysningar blir misbrukte på nettet, la politioverbetjenten til.

Dei har også tilfelle der folk bestiller produkt frå utlandet til 50 kr, og så blir det trekt 2.500 kroner frå kontoen. Slike saker strekkjer seg langt ut over norske grenser, m.a. til Afrika og USA.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjekk utskriftene

- Kva bør ein gjera dersom ein er usikker på om ein er blitt utsett for slik svindel?

- Ein kan sjekka bankutskriftene og sjå om det er noko uvanleg der. Enkelte får også tilsendt kredittvurdering i posten pga. produkt ein ikkje har bestilt sjølv, og vert varsla på den måten, sa Hadler-Olsen.