Politiets oppmoding til osingar: - No må de få lås på postkassane
Posttjuveri er og blir eit problem i Os. Likevel står dei aller fleste postkassane framleis ulåst, noko som frustrerer politiet.
- Me har gått ut i media gjentekne gonger og åtvara mot posttjuveri. Me har bede folk få hengjelåsar på postkassane, men det kan verka som at dei fleste berre gjev blaffen, seier politiførstebetjent Kenneth Rastad.
Bruker store ressursar på posttjuveri
Politiet får stadig meldingar om at post er funne ute, eller meldingar frå folk som har fått posten sin stelt. Seinast i dag kom det inn ei slik melding.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Førre veke blei det stelt post i Kuvenbakken. Der har me sikta ein person i 30-åra. Men det er ikkje berre der det forsvinn post. Det skjer i sentrum, og ute i distrikta, seier Rastad.
Det er frustrerande for politiet å sjå at dei fleste vel å la postkassen stå ulåst til trass for gjentekne åtvaringar. Politiet bruker nemleg store ressursar på posttjuveri.
- Dette framstår kanskje for nokon som ein bagatell, men det langt i frå ein bagatell i mine auge. Det ligg store verdiar i postkassane, særleg i desse dagar. Ein lås gjer jobben med å stela post så mykje vanskelegare. Står postkassa ulåst, er tjuveriet unnagjort på to sekund, seier han.
Falsk fullmakt
Enkelte let posten liggja fleire dagar før dei hentar han, og mange legg ikkje ein gong merke til at noko er stelt.
- Det kan vera nokon som ventar på ein pakke, som etter kvart lurar på kor han er blitt av. Når vedkomande så finn ut at pakken er både levert og henta ut, så er det som oftast for seint å kunna henta informasjon frå overvakingskamera på butikken kor posten er henta. For då er opptaket sletta for lengst, seier Rastad.
- Må ein ikkje visa legitimasjon for å kunna henta pakkar og brev?
- Det er ulik krav til det, som personleg oppmøte, rekommandert og vanleg hentelapp. Det er ikkje alle som krev ID, og dessutan er det ikkje noko problem for tjuvane å "snikra til" ein fullmakt, særleg ikkje om dei i tillegg har stelt bankkort frå postkassen, seier Rastad.
Prøvde å ta ut 40.000 kroner
Tjuvane kan tinga varer i ditt namn, oppretta mobilabonnenement, og til og med prøva å tømma bankkontoen din for pengar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I det tilfellet eg nemnde frå før helga, blei det gjort forsøk på å ta ut summar på 30.000 og 40.000 kroner. Det lukkast ikkje gjerningsmannen med, men han lukkast med å bruka nokre tusen kroner, seier Rastad.
Lokale gjerningsmenn
Posttjuveri har vore eit heitt tema i kommunen spesielt dei siste par åra. Gjerningsmenn er tatt, men likevel er det eit problem.
- Det verkar som det breier om seg.
- Er det lokale personer som stel, eller er det omreisande bandar?
- Det er folk med lokal tilknyting.
Medan me står ved eit postkassestativ og snakkar, kjem det faktisk ein for å henta posten sin.
- Eg har eigentleg ikkje tenkt over at eg bør låsa postkassen. Det er vel gjerne slik at ein ikkje tenkjer at det kan skje ein sjølv, før det faktisk skjer, seier han.
- Som de ser, er heller ikkje postkassen laga slik at ein kan festa hengjelås på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet har åtvara gong på gong, og håpar no at osingane får opp auga. På postkassestativet me stod ved, var det åtte postkassar. Ingen var låst.
- I periodar har det vore roleg, men det er stadig eit problem. Det er omfattande, og som nemnd skjer det så å seia i heile Os.