Skulptur O-løypa er klar
Os Orienteringsklubb har jobba på spreng for å fullføra løypa til sesongen startar for alvor. No er dei endeleg i mål.
- Løypa består av 90 postar. 55 av dei er på øyro, og 27 av desse er skulpturar, fortel leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid.
Bakgrunn for saka:Lagar til for skulptur-orientering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tek i bruk multimedia
Nytt av året er at dei tek i bruk multimedia i større grad enn før.
- Dei som går tur kan få opp omtalar av skulpturar og kulturminne mens dei er på postane, seier Sævareid og legg til:
- Til dømes nyinnspelinga av "Song til Os" når ein er ved bysta av Nils Tveit, Os og Fusapostens portrett av Arne Mæland, og ein film frå 1934 der du får sjå toget på Osbanen i fart.
På plass i løpet av påska
Orienterinsklubben kjem til å setja ut postane i påska, og dei vert gjort tilgjengelege så snart postane er på plass.
Meir informasjon om løypa finn du på heimesida til Os Orienteringsklubb.