Lagar til for skulptur-orientering
Os Orienteringsklubb tok ordførare Terje Søviknes på ordet. No legg dei ut skulptur-orienteringskart på Osøyro.
Os Orienteringsklubb har gjort mykje av seg sidan dei starta opp like før jul i 2014. I desse dagar jobbar styret på spreng med å få laga ferdig totalt 85 poster før årets O-sesong i Os vert opna for alvor. Nytt av året, og til og med i landet, er vidareutviklinga av Tur O-orienteringa, nemleg Skulptur O.
- Det var eigentleg ordførar Terje Søviknes som, nærast som ein kuriositet, foreslo dette i samband med kulturminne-orienteringa vår i fjor. No har me teke han på ordet, ler Tur-O-ansvaleg, Tommy Sævareid i Os Orienteringsklubb.
Artikkelen held fram under annonsen.
30 skulpturar
Dersom klubben rekk det vil dei lansera dei nye orienteringskarta for Os innan 19. mars. Men ikkje før laurdag 23. april vil dei for alvor markera starten på sesongen.
- Ettersom ordføraren ikkje veit det sjølv ein gong, er det kanskje litt vågalt å lansera han. Men det var jo han som kom med ideen, så me håpar han kan ta den offisielle opninga av Skulptur O-løypen denne dagen, seier Særvareid.
Av dei totalt 85 postane som vert lagt ut denne sesongen er 50 gratis. Dei 35 skogspostane kjem til å kosta pengar.
- Me legg altså ut 50 postar på Osøyro og områda rundt. Dette vert Tur O- og Skulptur O-postar som er ideelle for familier og skuleborn. Dei 35 skogspostane kjem i tilknyting til tre ulike kart - Brandeset, Hetleflåten og Lysodden, fortel Sævareid.
Lærerikt
I tillegg til å inspirera til aktivitet og friluftsliv i områda rundt Osøyro er meininga med Skulptur O-en at han skal vera lærerik.
- Når ein finn posten (skulpturen) vil ein ved hjelp av mobiltelefonen kunne skanna ein QR-kode som står på denne. Når ein har gjort dette vil ein få opp ei rekkje opplysningar om skulpturen og kunstnaren som har laga han. I tillegg kan det førekoma at ein får vita nokre hemmelegheitar om skulpturen, fortel Sævareid.
- Kva typer hemmelegheitar?
- Haha, nei det ville jo ikkje vera hemmeleg dersom eg fortalt dei til deg. Generelt sett kan eg seia at ein del skulpturar i Os har småting ved seg som ikkje alle kjennar til. Det er slike ting ein gjerne kan få vita dersom ein går Skulptur O-tur med våre kart, seier Sævareid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Elles skriv me på heimesida vår at det kan vera lurt å ta med seg ein trepinne og ei lykt, seier Sævareid løyndomsfylt.
Tur O for funksjonshemma
I samband med 50-årsmarkeringa for Tur O, har Norges Orienteringsforbund denne sesongen eit prøveprosjekt der dei vil hjelpa klubbar i landet i gang med tur-orientering for funksjonshemma. Os Orienteringsklubb er blant klubbane som får støtte for dette.
- Me har prød å tenkja tosidig i samband med våre Tur O-kart i Os. Målet har vore at alle våre 50 postar på Osøyro også skal kunna nyttast av rullestolbrukarar, fortel Sævareid.
Kinderegg
Ordførar Terje Søviknes er glad for at ideen hans blir sett i livet. Han meiner det Os Orienteringsklubb no tilbyr er eit aldri så lite kinderegg.
- Her får ein altså kombinert idrett og kultur, samstundes som ein innbyr til meir bruk av Os sentrum og områda rundt. Frå mitt syn er dette ein herleg kombinasjon som eg håpar vil stimulera til at fleire born og unge kjem seg ut i naturen, seier Søviknes.
Han kan dessverre ikkje vera med på opninga av orienterings-sesongen sjølv, men lovar at kommunen uansett vil vera representert på opninga.