Kommunalt ja til koding på Os ungdomsskule
Os ungdomsskule får koding som valfag frå hausten 2016.
Os ungdomsskule hari ein prøveperiode hatt koding, eller dataprogrammering, på timeplanen.
I formannskapet torsdag gav rådmann Christian Fotland klarsignal til at valfaget blir ei fast ordning.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Per i dag har ungdomsskulen den kompetansen som skal til for å undervisa i faget.
Os kommune kjem no til å søkja om å få tildelt midlar til ordninga.
- Uansett om vi får midlar eller ikkje, kan vi greia dette, seier Fotland.
Arbeidarpartiets Helge Steinum tok opp saka og fekk støtte frå MDGs Nils-Anders Nøttseter. Også ordførar Terje Søviknes (Frp) har blitt kontakta om faget.
- Fleire foreldrerepresentantar har teke kontakt og uttrykt ynske om å få koding på timeplanen.
- Kva med Nore Neset ungdomsskule, vil også dei få tilbodet, spurte Marie Bruarøy (H).
- Det er vanskeleg å tilsetja ein lærar i to-tre timars stilling, men vi vonar vi skal få det til på sikt, svara Fotland.