Koding kan bli valfag
Det er så langt uvisst om nokre av ungdomsskulane i Os og Fusa vil søkja seg med i regjeringa sitt prøveprosjekt med koding som valfag i ungdomsskulen.
Frå hausten 2016 kan 30 skular i landet få koding som valfag.
Koding som valfag blir innført som eit prøveprosjekt, der over 30 kommunar kan bli med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søknadsfristen for skular som ønskjer å delta i prosjektet er om tre vekers tid, tysdag 1. mars.
- Dette er heilt nytt, og vi har ikkje fått diskutert saka her enno, så eg veit ikkje om vi kjem til å søka fortel rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro.
Skulen har tidlegare prøvd ut konseptet med såkalla "Kodetime", men rektor veit likevel ikkje om dei vil gå inn for å prioritera det nye valfaget.
- Vi skal vurdera det, seier han.
Det same kan rektor ved Nore Neset ungdomsskule, Anne Fristad fortelja.
- Vi skal snart sjå på planen for neste år, då vil vi også vurdera dette nye valfaget, seier ho.
Ho opplyser at dei også er avhengige av å alt ha ressursar blant eigne lærarar som kan undervisa i faget, for å eventuelt kunna starta opp med det.
Les også:Med Minecraft på timeplanen
Artikkelen held fram under annonsen.
Regjeringa har tru på at dette er eit fag som blir viktig for framtida.
- Eit viktig mål med å innføra koding som valfag er å auka elevane si interesse for teknologi og realfag. Gjennom koding får elevane erfara at realfaga er kreative og spennande, og ikkje minst er desse kompetansane viktige i framtida, uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Programmering som valfag blir innført som eit pilotprosjekt og skal gå over tre skoleår.
- Elevane får læra korleis datamaskinar og program verkar og dei får opplæring i ulike programmeringsspråk og deira bruksområde. Eksempel på oppgåver kan vera å programmera eigenutvikla robotar og å lage enkle dataprogram eller animasjon, forklarer kunnskapministeren.
Det er også meininga å gje lærarar som ønskjer å auka dei teknologiske kunnskapane sine moglegheit til å læra meir om programmering og koding.