- Ei ubeskriveleg kjensle
Ingunn Kjosaas har delt ut ullkelde og leiker til flyktningeborn i Libanon. Det blei ein tur med mange sterke inntrykk.
- Berre det å sjå gleda når me kom, og gleda i bornas augo når dei sprang rundt utanfor telta med leikene som dei hadde fått - det er ei ubeskriveleg kjensle, seier Kjosaas.
Ullklede og pengar
Måndag 14. september reiste ho til Libanon, der ho skulle vitja søstera som nett har fått ein liten gut, og familien hennar. I den samanheng ville ho gjera eia god gjerning, og prøva å utgjera ein liten forskjell for Syria-flyktningar. Før avreise samlaKjosaas og Tove Tvedt Skarstein inn ullklede og pengar til inntekt for born i ein flyktningleir i Bekaadalen i Beirut. Dei fekk innnesten 30.000 kroner og haugevis med ullklede.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prioriterte leiker til borna
Kjosaas skryter av Libanon, som ho skildrar som eit fantastisk land med flotte naturområder, romerske ruinar, bysantisk arkitektur, flotte menneske og nydeleg mat. Det vart nokre utflukter før alvoret starta.
- Men mykje av tida gjekk med til å førebu den spanande reisa til Bekaadalen, der me skulle få levera frå oss alt det som flotte menneske frå Os og omegn har gjeve av klede og pengar, seier Kjosaas.
Pengar som var til overs etter kjøp av ullklede, vart brukt til leiker til born i alderen 0-10 år.
- Leiker er noko ungane sårt saknar, sidan dette ikkje er noko hjelpeorganisasjonane prioriterer. Me handla i ein lokal leikebutikk i Beirut, som gav oss gode tilbod på leikene, seier Kjosaas.
Resultatet av innsamlinga blei leiker og ullklede til 360 born.
- Det berre viser at det ikkje skal så mykje til for å hjelpa, smiler Kjosaas.
Sterke inntrykk
Ho var spent på kva som ville møta ho då ho kom til flyktningleiren. Det første dei fekk auge på frå bilen, var ein gut som sat oppå eit gamalt Mercedes-vrak.
- Han hoppa ned og løp avgarde for å fortelja at det var besøk på veg då han såg oss. Så kom mødre og born smilande ut av telta og vinka til oss, seier Kjosaas.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var eit fint første møte med flyktningane, men Kjosaas blei raskt klar over hva for forhold dei levde under.
- Lukta av urin var sterk i leiren. Det gav oss eit inntrykk av kva slags forhold desse menneska diverre lever under kvar dag, seier ho.
Stille heimreise
Familiane vart slusa inn i eit telt der dei fekk utdelt gåvene, og foreldra til borna klarte ikkje slutta å takka.
- Det var sterkt å sjå gleda og kor takksame mødrene og borna var. Foreldra takka og takka. Det var som om dei ikkje fekk takka nok. Det var veldig fine menneske som budde i denne leiren, seier Kjosaas og legg til:
- Det var ei spesiell oppleving. Heimreisa til Beirut blei ganske stille. Eg vil takka for alle bidrag som gav oss sjansen til å hjelpa og få oppleva gleda til alle desse borna.
Nytt prosjekt?
- Kan du tenkje deg å engasjera deg i liknande prosjekt i framtida?
- Heilt klart. Eg og Tove har snakka saman, og me har kome opp med idear til nye prosjekt. Me har ikkje settla noko konkret, men kanskje har me noko klart til Damenes aften neste veke, seier Kjosaas.