Rørte over stor gjevarglede
Ein spontant innsamlingsaksjon til inntekt for barn i flyktningeleiren i Libanon har vekt gjevargleda blant osingar.
Ingunn Kjosaas reiser neste måndag til Libanon for å vitja søstera som jobbar i ein flyktningleir i landet.
- Eg skulle eigentleg berre på besøk til søstera mi, men eg tenkte at det samstundes var ein god anledning til å vera med å bidra til dei som treng det aller mest, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho bestemte seg for å samla inn ullklede til borna i flyktningleiren.
Pengane strøymer inn
Tove Tvedt Skarstein har lenge tenkt på kva ho kan gjera for å bidra til flyktningane. Ho kasta seg rundt då ho fekk høyra om prosjektet til Kjosaas.
- Eg låg ut ei melding på Facebook, der eg fortalte om prosjektet. Eg låg også ut kontonummeret mitt, og oppmoda folk til å bidra, slik at me kunne kjøpa ullklede til borna, seier ho.
Det gjekk ikkje lang tid før pengane starta å strøyma inn.
- Ein kan meina mykje om Facebook, men til føremål som dette, er det heilt genialt. Me har fått inn over 21.000 kroner på tre dagar, seier Tvedt Skarstein.
Ulltøy for 15.000 kroner
I tillegg til kontooverføringar, har kundar på Madam Ane putta pengar bøssen som Tvedt Skarstein har hatt ståande i butikken.
- Eg nemnde også på Facebook at Ingunn trengte koffertar slik at ho kan frakta med seg alt ulltøyet. I dag stod det fem koffertar og to bagar i butikken. Det er heilt fantastisk, seier ho.
I dag var damene borte på Janus for å kjøpa ullklede. Der hadde butikkmedarbeidar på Janus, Sabritha Stokke, lagt fram klede i haugevis. Damene gjekk ut frå butikken med ulltøy for over 15.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framleis rom for bidrag
Ei liten utfordring oppi det heile er at Kjosaas skal reisa med British Airways, som ikkje har dei same generøse tilboda som dei norske flyselskapa. Det gjer at det er begrensa kor mykje klede ho får med seg.
- Dei skulle ha 1.000 kroner per ekstra koffert.
Både Kjosaas´ og reisefølgjets koffertar kjem til å bli fullstappa med klede.
- Det er framleis rom for å bidra, men me har ikkje kapasitet til å ta mykje meir klede. Så overfør heller penger, eller kom innom i butikken, smiler Tvedt Skarstein.