9-bommen: - Godt nytt for næringslivet på Osøyro
- Kundane vår har parkerings-trøbbel kvar einaste dag, seier Merete Johnsen Bjørkeli. Næringslivet gler seg over at bommen kjem tilbake.
Klokka er like før 9 om morgonen - og parkeringsplassen framføre rådhuset er stappfull. Og det er ikkje kundar som skal handla som har parkert, men tilsette ved ulike verksemder og i kommunen.
- Me opnar butikken vår no, og kor i alle dagar skal kundane våre parkera, spør Merete Johnsen Bjørkeli ved Osøyro Libris.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både ho og Paul Hans Sælen ved Jernia får jamlege klagar på manglande parkeringsplassar.
- Me forstår at det er litt unntakstilstand nett no når det pågår mykje arbeid i sentrum, men difor er det viktig at det kjem på plass nokre strakstiltak for å avhjelpa, seier Sælen.
Jublar over 9-bommen
I går kunnelokalavisa melda om vedtaket om å innføra den såkalla 9-bommen att. Bommen kjem på plass om få dagar, og vil stengja ved midnatt og opna først klokka 9. Næringslivet jublar over at dei har fått gehør om å få bommen tilbake.
- Dette er ei skikkeleg god nyheit for dei som skal handla på Osøyro, seier Bjørkeli.
- Og det er ikkje mykje lenger tilsette i sentrumskjernen må gå når dei parkerer i randsona, det er snakk om eit par minutt, seier næringssjef Daniel Skotheim.
Kommunalsjef Aina Tjosås fortel at 9-bommen vart fjerna i samband med at parkeringsregimet vart lagt om i 2012.
- Då skulle eitt regime gjelda for heile sentrum, så då blei det vurdert at det ikkje var behov for bommen lenger, fortel Tjosås.
Fleire enkelt-tiltak?
Daniel Skotheim seier med at kommunen ikkje ser på dette som den endelege løysinga for parkeringa ved rådhuset, men ei god mellombels løysing før parkeringshuset materialiserer seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det ligg jo føre store planar både for plassen framføre rådhuset og for parkeringshuset. Men det ligg litt fram i tid, så difor må me tenkja på effektive enkelttiltak i mellomtida, seier Skotheim.
- Kjem det fleire grep i nær framtid?
- Me ser på fleire tiltak, bl.a. i randsonene av sentrum, svarer Aina Tjosås, og seier at kommunen kjem tilbake med desse i nær framtid.