Ein del bilar som kunne stått i randsonene til Os sentrum, fyller i stor grad opp området framfor Os rådhus. No blir det bom.
Ein del bilar som kunne stått i randsonene til Os sentrum, fyller i stor grad opp området framfor Os rådhus. No blir det bom.

9-bom i Os sentrum blir gjeninnført

For å frigjera plass for handlande, blir det no stengt for parkering ved rådhuset i tidsrommet midnatt til kl. 9 om morgonen.

I ei pressemelding frå Os kommune sundag kveld går det fram at parkeringsutvalet har fatta vedtak om at bommen kjem på plass att frå 21. november.

- Bommen stengjer ved midnatt og opnar klokka 9, derav namnet "9-bommen". I Dette er eit enkelt og rimeleg tiltak som frigjer parkering i sentrum, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av dei neste dagane startar arbeidet med å setja opp 9-bommen, som skal stå ferdig 21. november. Han kjem opp framføre Max dyrebutikk og ved innkøyringa til taxihaldeplassen.

Arbeidarar må finna seg ny parkering

Ein del parkeringsplassar ved rådhuset som er tiltenkt handlande, blir i dag tekne av folk som jobbar i sentrum. Når bommen først opnar klokka 9, må dei finna parkering andre stader.

- Bilar som kunne stått i randsonene til Os sentrum, fyller i stor grad opp området framfor Os rådhus, heiter det i pressemeldinga.

Dei som treng å stå parkert lenger enn eit par timar, må finna seg annan parkering i randsona av sentrum. Dette finst til dømes ved Fjellheim, framføre gamlebadet, ved Kløvertun, vognhallen og mot brua ved gjestebrygga.

Eit tydeleg ønske frå handelsstanden

- Dette er eit tydeleg ønske frå handelsstanden, og skal vera eit positivt bidrag til Liv på Øyro. Det er eit enkelt og rimeleg tiltak som frigjer parkering i sentrum, seier Skotheim.

Han understrekar at det alltid skal gå an å koma seg ut frå parkeringa. Det er altså berre innkøyringa som får restriksjonar.

- Dyrebutikken, Sparebanken Vest og andre som har inngang frå området, får eigen nøkkenl for å kunna opna bommen for varelevering, seier Skotheim.