Solsiden får ikkje lenger lov å opna vindauga eller å ha musikk utandørs.
Solsiden får ikkje lenger lov å opna vindauga eller å ha musikk utandørs.

Strenge krav til Solsiden nattklubb

Dersom Solsiden skal få driva vidare som nattklubb må dei slutta å spela musikk utandørs, slutta og opna vindauga og utføra ny støymåling.

Som«Os og Fusaposten» skreiv om i sommar, har konflikten mellom bebuarar i Irisgården og nattklubben Solsiden eskalert i løpet av året. Bebuarar meiner at støyen som kan vara fram til kl 3.30 om natta går på helsa laus, medan innehavar av nattklubben viser til støymåling frå Sweco som seier det er innanfor grensene.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig er det kome opp at innehavar Sagstad Drift aldri søkte om bruksendring til å få driva nattklubb, men berre om utvida skjenkjeløyve. Det siste vart innvilga til kl 3.30, trass i at bruksendring ikkje var i orden.

- No igjen!

I plan- og bygningsutvalet torsdag uttrykte Terje Sperrevik (TvS) overrasking over at denne problemet oppstod nok ein gong.

- Det overraskar meg at ein ikkje har lært av Irish Cat-saka. Her har det utvikla seg ei stillteiande godkjenning på å driva klubben. Det reagerer eg på, sa Sperrevik.

Inne på Solsiden
Inne på Solsiden
Det nye plan- og bygningsutvalet hadde sitt første møte torsdag.
Det nye plan- og bygningsutvalet hadde sitt første møte torsdag.

For eit par år sidan var det same konflikt mellom bustadeigarar og nattklubben Irish Cat på Øyro, med tilsvarande rundar med klagar og støyisolering.

Plan- og utviklingsjef, Aina Tjosås, svara at dei no har fått på plass ein ny rutine som i framtida skal sikra at dei som behandlar skjenkeløyve kjem med melding til byggjesak. Likevel var ho klar på at det låg på drivar å sjå til at dei hadde alle naudsynte godkjenningar.

Godkjenning eller forbod

Frå administrasjonen si side låg det to alternative forslag til å løysa saka. Det første alternativet gjekk ut på å godkjenna Solsiden som nattklubb på tre tydelege vilkår:

 

1. Vindauga i lokalet skal ikkje kunne opnast.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Det skal ikkje spelast musikk på utsida av lokala.

3. Eit uavhengig føretak med ansvarsrett må gjennomføra uavhengig kontroll av prosjektering for lyd og vibrasjonar. Vidare skal dette føretaket dokumentera at støykrav etter teknisk forskrift er stetta ved "normal drift".

 

Det andre alternativet gjekk ut på å utsetja saka i påvente av at administrasjonen førebur sak om mellombels forbod mot nattklubben, og deretter ein heilt ny gjennomgang av området.

Liv på Øyro om natta eller om dagen?

Harald Døsen (Ap) hadde landa på alternativ 1 (godkjenning på vilkår), sjølv om han var litt skeptisk til sjølve nattklubben.

- Bebuarane har kjøpt husvære her lenge før det kom nattklubb, og så med eitt kjem det nattklubb og dermed støy. Samtidig er det Liv på Øyro, og der møter alle seg sjølv i døra. Me vil jo ha liv her, og det må jo inkludera kafear og restaurantar og kanskje nattklubbar. Men dersom nattklubb fører til mindre tilflytting av folk, då vert det færre butikkar - og dermed stå jo livet på Øyro på spel, sa Døsen.

Han fekk støtte frå Terje Sperrevik i resonnementet, men TvS-politikaren meinte at alternativ to var det beste.

- Valet står mellom natteliv eller daglegliv. Dersom me går for alternativ 1 seier me ja til nattklubb, og då blir dette verande i huset, sa Sperrevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, det blir ikkje automatisk godkjent ved alternativ 1, for dei har ein del krav å oppfylla, og dersom dei ikkje gjer det vert det ikkje godkjent, sa Døsen.

- For seint å ta det i arealplanen

Aina Tjosås la til at ein burde ta ein runde i komande arealplanprosess på dette feltet, og definera kvar ein vil ha nattklubb og kvar ein ikkje vil ha det.

Terje Sperrevik peikte på at det ville vera for seint i forhold til Solsiden-problemet.

- Det nyttar ikkje å koma i arealplanen å seia at her skal vi ha nattklubb. For då har me alt bunde oss opp gjennom det løyve som no blir gjeve. Me har ein sjanse til å flytta på problemet, og det får me berre til ved å gå for alternativ 2, sa Sperrevik.

Vedtaket

Sperrevik greidde ikkje å overtyda nokon av dei andre politikarane, og vedtaket vart dermed alternativ 1, mot hans eine røyst. Sagstad Drift får fire veker på seg til å gjennomføra dei tre vilkåra.

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

 

-