Klagar frå naboar på støy frå utestaden Solsiden, har fått kommuneoverlegen til å reagera. (Arkiv
Klagar frå naboar på støy frå utestaden Solsiden, har fått kommuneoverlegen til å reagera. (Arkiv

Bråk om utestaden Solsiden

Naboar klager over dårleg nattesøvn pga. høg musikk frå Solsiden som held ope til kl 3.30 om natta. Dagleg Leiar, Tore André Sagstad, meiner påstandane er feilaktige.

Det tok til med at styret i Irisgården Velforening sende ein klage på støy frå utestaden til kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas i vår. Dei representerer elleve husvære i fjerde etasje i det over 60 år gamle Irisbygget.

- Dei siste 2 åra har me vore plaga med svært mykje støy frå Solsiden. Dette gjeld kvar fredag og laurdag fram til kl 3.30 på natta, i tillegg har nattklubben ope på helgedagar som 1. juledag, skriv Hillgun Haugland, Lisbeth Nordbeck og Ole Gunnar Kolskogen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har måla opp mot 40 dB

Dei viser til at det finst strenge reglar for kor mykje støy bustader må tola i samband med nattklubbar. Maksimal snittverdi skal vera under 27 desibel.

- Me har over lenger tid målt eit lydnivå som varierer frå 32 til 40 desibel. Me har klaga på dette fleire gonger til Tore André Sagstad. Han beklager, men gjer ingenting. No vonar me at kommuneoverlegen vil ta tak i saka, skriv dei.

Søkte ikkje om bruksendring

7. juli sende kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas eit varsel om vedtak knytt til støyproblematikken til Sagstad. Han har vore i kontakt med klagarane, som skriv at Solsiden ikkje har søkt om bruksendring frå restaurant/pub til nattklubb. Det vart heller ikkje framsett nabovarsel, slik at nabobustader fekk høve til å uttala seg.

Dagleg leiar, Tore André Sagstad, er oppgitt over påstandane frå velforeninga og misnøgd med saksgangen. (Arkiv
Dagleg leiar, Tore André Sagstad, er oppgitt over påstandane frå velforeninga og misnøgd med saksgangen. (Arkiv

Etter eit anna skriv frå velforeininga til byggjesaksavdelinga i Os kommune, har sistnemnde stilt krav om at Solsiden må søkja om bruksendring til nattklubb. Utan dette er ikkje utestaden godkjent etter plan- og bygningslova. I juli fekk Sagstad melding om at han måtte søkja om slik endring innan 14. juli.

- Forverring av støyplaga

Ei støymåling vart utført for to år sidan, som viste at støyen ikkje var høgare enn tillate. Vangdal ser støymålingane bebuarane sjølve har utført som eit teikn på ei forverring av støyplagen.

- Det er behov for nye støymålingar uansett årsak til denne forverringa. Støyen vert opplevt som svært belastande, og nokre av bebuarane rømmer bustaden grunna støyen i helgene, skriv han.

At ein del av støyen ikkje kjem av instrument og musikkanlegg, men frå gjester på uteområdet, blir deretter nemnt. Slik støy blir omfatta av politivedtektene i Os. Der heiter det at: "På eller like attmed offentleg stad, må ingen vera med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsel".

Kommuneoverlegen viser til at vedvarande søvnmangel som følgje av støy er helseskadeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- 1,8 prosent av hjarteinfarkta i vesteuropeiske land kjem av støy, ifølgje ein rapport frå WHO, skriv Vangdal Aamaas.

To pålegg

Med dette vert utestaden pålagt å utføra støymålingar både utanfor bustadvindauge og inne i sjølve bustadene. Dette må utførast før 10. september. Dersom støymålingane er for høge, må innehavar utføra tiltak slik at støyen ikkje stig over 27 dB i bustadrom. Dette må utførast innan 15. desember.

- Feil og usanningar

Få dagar etter å ha motteke dette brevet frå Os kommune ved kommuneoverlegen, har Tore André Sagstad klaga på vedtaket. Han skriv at påstandar frå klagarane i Velforeningen "er direkte feil og usanningar".

- Vedtaket frå kommuneoverlegen er fatta på misvisande grunnlag, sakshandsamingsfeil og det faktum at kommuneoverlegen tek Irisgården Velforening sin klage som einaste grunnlag, skriv han.

Løyve til å driva Solsiden, og seinare til å utvida opningstidene, har vore gjeve av Os kommune, peiker Sagstad på.

- Udokumenterte påstandar

Han reagerer på at Vangdal legg til grunn eigenmålingar frå bebuarane, utan å ta omsyn til støymålingane han sjølv har fått utført av Sweco.

- Kan klagarane eller kommunelegen dokumentera påstandane om støynivå frå 32 til 40 desibel? spør han.

Han viser til at støymålinga Sweco utførte blei gjort under same forhold som i dag, i samabeid med huseigar og bebuarar. Lydanlegget var det same, og pianoet stod på same plass. Kostnaden for støymålinga var på kr 70.000, og Sagstad seier at han ikkje vil ta på seg ein ny slik kostnad dersom det ikkje kan dokumenterast at målinga som alt er utført, er ugyldig.