Aktuelt
Nattestengde tunnellar Svegatjørn-Rådal
Måndag 24. februar og natt til tysdag 25. februar blir det tunnelane mellom Svegatjørn og Rådal delvis stengde.
* Lyshorntunnelen og Skogafjelltunnelen i retning Bergen er planlagt stengde frå kl. 22-01.
* Lyshorntunnelen og Skogafjelltunnelen i retning Halhjem er planlagt stengt frå kl. 24-05.
Tunnelane vil sjå opne ut, men vil vera stengde manuelt med arbeidsvarsling og bufferar. Årsaka er at testen skal verifisera at alle funksjonar fungerer korrekt.
Det fortel byggjeleiar Sten Ove Stenhjem i ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Arbeidet vil vera varsla på digitale trafikkskilt langs vegen, 175.no og i appen Vegvesen trafikk.
— Vi har forståing for at stengd veg kan opplevast krenkande for trafikantane, men då er det viktig å understreka at vi gjer arbeidet nettopp for dei, for å sikra at vegen er trygg til ei kvar tid, seier Stenhjem i ei pressemelding.
Førar fekk 15 åtvaringar
Fredag vart 68 tunge og fire lette køyretøy kontrollerte av Statens vegvesen på kontrollplassen ved Svegatjørn.
Kontrollen resulterte i tre bruksforbod knytt til feil med lastsikring, avrenning frå fisketransport og utgått 2 års-kontroll på fartsskriver. I sistnemnte tilfelle vil firmaet bli meldt til politiet, opplyser Statens vegvesen i ein e-post til Os & Fusaposten.
Fire førarar vart kontrollerte for køyre- og kviletid. Her vart det gitt 18 åtvaringar for mindre brot på reglementet. 15 av desse var knytt til same fører, og vedkomande fekk gebyr på 6.000 kroner medan føretaket fekk gebyr på 12.000 kroner for meir alvorlege brot, går det fram av e-posten.
Når det gjeld tekniske manglar var det ein førar som fekk mangellapp på grunn av varmgang i bremser på både bilen og tilhengjaren.
Ruskontroll på Halhjem
Fredag morgon gjennomførte UP ein ruskontroll på Halhjem ferjekai. 42 bilførarar vart kontrollerte, men ingen utslag eller reaksjonar.
Melding om trafikkulukke
Like over kl 15.30 torsdag ettermiddag kom det melding om ei trafikkulukke på Fv 48 ved Tyssetunellen i Samnanger. Ein bil med fire personar er involvert. Alle er oppegåande og bevisste, men ein person skal ha noko smerter i ryggen. Naudetatar er på veg, opplyste politiet kl 15.33.
Eitt felt er stengt, og det pågår manuell dirigering.
Gjekk fleire alarmar på Amfi
Natt til torsdag gjekk det fleire alarmar på Amfi Os som indikerte både brann og innbrot.
- Både politi og brannvesen kom til staden med mykje ressursar. Det viste seg å være en feil utløst alarm, opplyser Atle Birkeland, fagleiar for politipatruljen og innsatsleiar.
Målt til 92 km/t i 70-sonen
Onsdag ettermiddag skreiv UP ut åtte forenkla førelegg på Halhjemsvegen.
Høgaste fart målt var 92 km/t i 70-sonen.
Skal ha filma butikk-personale
Onsdag morgen blei politiet tilkalt til ein daglegvarebutikk i Os sentrum som hadde problem med ein vanskeleg kunde. Han skal ha vore utagerende, ubehageleg og filma personale, opplyser politiet.
- Han oppførte seg greit når politiet kom og blei beden om å halda seg unna den aktuelle butikken, opplyser Atle Birkeland, fagleiar for politipatruljen og innsatsleiar.
Har investert i ny brannbil
Bjørnafjorden brann og redning er i full gang med opplæring på den nye mannskapsbilen.
I ei oppdatering på Facebook, skriv dei at alle vaktlag dei neste vekene skal bli godt kjende med bilen.
– Bjørnafjorden kommune har investert i ein moderne brannbil med avansert utstyr som ikkje berre aukar effektiviteten i innsatsen, men også styrkjer tryggleiken for mannskapa våre. Saman bidreg dette til endå betre tenester for innbyggjarane våre, skriv Bjørnafjorden brann og redning.
Bjørnafjorden brann og redning Bjørnafjorden brann og redning Mangla gyldig autopassavtale. Må ut med 8.000 kroner
Vegvesenet gjennomførte kontroll med tungtrafikken på Svegatjørn kontrollplass onsdag på dagtid.
Tal tunge køyretøy over kontrollplass: 95
Tal på kontrollerte for manglande bruk av bilbelte 25
Tal på sendte rapportar: 1
Tal på bruksforbod: 2
Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 3
Tal på andre gebyr: 3
Tal på sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 4
Dei fire sjåførane som fekk kontrollert køyre- og kviletida, skal ha fått til saman 15 åtvaringar for mindre regelbrot.
Knut Namtvedt Sylta skriv i ein e-post om desse resultata:
Det blei skrive ut eit gebyr på kroner 8.000 for køyring utan gyldig autpassavtale for tungbil.
Eit vognkortgebyr på kroner 500
To rapportar til skatteetaten for manglande innbetalt vektårsavgift.
Tre køyretøy tekk tekniske mangellappar for feil med førarsete, lause innfestingsboltar til hjelperamme og diverse lysmanglar.
Eit bruksforbod og gebyr på kroner 6.000 for ikkje å ha medbrakt transportløyve under løyvepliktig transport. Det vert opplyst at det også vart send ein rapport til løyvekontoret om forholdet.
- Gjekk midt i vegbanen
Tysdag formiddag fikk politiet inn fleire meldingar om ein person som skal ha gått midt i vegbanen på Nore Neset og vore til hinder for trafikken.
- Problemet løste seg sjølv ved at vedkomande kom seg på ein buss, fortel Atle Birkeland, fagleiar for politipatruljen og innsatsleiar.
Tysdag ettermiddag blei eitt felt i Lyshorntunnelen stengd etter at nokon hadde mista ein stige midt i tunnelen.
Bedne om å levera fyrverkeri til politiet
Politipatruljen frå Bergen i prat med ein av ungdomane dei mistenkte hadde vore med på å fyra opp fyrverkeri. Politiet har oppretta sak etter at tre ungdomar vart tekne etter melding om opptenning av fyrverkeri ved Nore Neset barneskule tysdag kveld. Politiet fekk melding litt over klokka 17.00 og påtrefte deretter tre gutar i ungdomsskulealder. Ein av dei tre skal ha vedgått at dei hadde tente på fyrverkeri.
– Patruljen som prata med gutane var frå Bergen, men me har no overteke saka. Me har gjort avtale med ein av gutane om at vedkomande skal levera frå seg alt fyrverkeriet til oss her på politistasjonen på Moberg i morgon, seier Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Ho legg til at dei også fekk melding om bråk og banking på dører og vindauge til Nore Neset Arena i same tidsrom tysdag kveld, men presiserer at ho ikkje veit om ungdomane som vart tekne med fyrverkeri, hadde noko med den saka å gjera.
Båtbrannen blir ikkje prioritert høgt
Båtbrannen på Askviknes. Kenneth Svenningsen Politiet har ikkje funne svar på kvifor ein stor glassfiberbåt byrja å brenna på Askviknes sist søndag.
Då Os & Fusaposten var utom, kommenterte innsatsleiar på at 'ein båt som har lege på land i lang tid, ikkje byrjar å brenna av seg sjølv'.
Politiet opplyser tysdag at saka ikkje blir høgt prioritert vidare.
– Etterforskinga er ikkje avslutta, men me har i desse dagar saker me må prioritera høgare, slår politibetjent, Morten Haugland fast.
Meldt for køyring i rusa tilstand
Like over midnatt, natt til onsdag, vart ein mann i 50-åra stansa i Os etter mistanke om å køyring i ruspåverka tilstand.
Mannen vart teken med til legevakta for blodprøve og fekk inndrege sertifikatet på staden. Saka er meldt.
Fekk bruksforbod etter kontroll
Statens vegvesen stilte seg opp på Svegatjørn kontrollplass onsdag. Fokuset for kontrollen var tunge køyretøy og vinterutrustning.
Resultatet i kontrollen vart:
- Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna feil med merking av brei last.
- Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna feil og manglar ved lastsikring.
- Eitt køyretøy fekk teknisk mangel då frontruta hadde sprekt.
- Eitt køyretøy som frakta farleg gods, hadde unnlate å merka køyretøyet forskriftsmessig og vil bli meldt for forholdet.
- Ni førarar blei kontrollerte for køyre- og kviletid. Her blei det gitt 13 åtvaringar fordelt på sju førarar. Eitt firma vil bli sendt til foretakskontroll for ein nærare sjekk av firma.
Talet kontrollerte køyretøy var 84.
Ann-Kristin (27) frå Hagavik inn i styret i NITO Hordaland
Talet på medlemer i NITO Hordaland auka med 6,6 prosent, og har no 11.567 medlemer.
På årsmøtet vart det vald nytt styre i NITO Hordaland. Som nytt medlem kjem Ann-Kristin Ure Skjønberg (27) inn.
Ann-Kristin Ure Skjønberg NITO Hordaland Ann-Kristin bur i Hagavik, og jobbar til dagleg som bioingeniør på Haukeland Universitetssjukehus.
- Eg er takksam for tilliten eg fekk av årsmøtet og ser fram til å ha kontakt med og laga gode møteplassar for NITO sine tillitsvalde og medlemer, seier Ann-Kristin i pressemeldinga.
Nevekamp på 7-Eleven
To menn i 20-åra skal ha barka saman i 03-tida på 7-Eleven i Byvegen natt til søndag.
Det er ikkje meld om personskade, og det skal ha vore roleg då politiet kom til staden. Politiet opplyser å ha vore i kontakt med dei to involverte.
Vêret skapte utfordringar i trafikken
Det er meld om glatte vegar mange stader i kommunen fredag. I tillegg til fleire utforkøyringar, har to bilar kollidert ved Vaksinen – flystripa på Ulven.
Eit stykke bortanfor, retning Spar Nore Neset, skal ein buss ha hamna utfor vegen. I den andre retninga, måtte ein bil bergast etter å ha hamna i grøfta. Dette skjedde i området ved Kolskogen.
Vegtrafikksentralen har fått meldingar om glatte vegar frå mange ulike stader – også i Bjørnafjorden.
– Vi har fått meldingar frå "all over". Det er utfordrande køyreforhold, fortel trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest, Leif Helge Fjellro.
Alt av brøytemannskap skal vera ute. Oppmodinga frå vegtrafikksentralen er klar, at trafikantane må tilpassa seg forholda.
Glatt veg: – Entreprenør er varsla
Det snør i Bjørnafjorden – og andre stader. Det har kome fleire meldingar om vinterføre til vegtrafikksentralen, men enn så lenge er det berre langs éin veg det er meld om utfordrande køyreforhold.
– Vi har fått klage på Hegglandsdalsvegen, gjennom Rolvsvåg og inn i Samnanger. Fylkesveg 579, fortel trafikkoperatør Jørgen Bødtker.
Han legg til at entreprenør er varsla om forholda, og at ikkje det er meld frå fleire gonger etter klokka 13.07.
Melding om stygg køyring med hengjar på slep
Politiet blei kontakta torsdag kveld, men meldinga førte ikkje til operative tiltak.
Eit køyretøy med hengjar skal ha "køyrd stygt" frå Halhjem retning Bergen.
Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.
– Bilen hadde også kryssa dobbel sperrelinje, ifølgje meldar.
Ei melding om "linjeinspeksjon", førte heller ikkje til operative tiltak frå politiet si side. BKK tok kontakt og ville fly drone for linjeinspeksjon over Søvik – Søfteland, skriv Lyssand.
Denne meldinga kom torsdag morgon.
Køyretøystans i tunnel
Klokka halv åtte fredag morgon fekk politiet melding om køyretøystans i Lyshorntunnelen.
Ifølgje politiet fiksa føraren sjølv bergingsbil. Politioverbetjent Anne Lyssand skriv i ein e-post at Vegtrafikksentralen stengde eitt felt og tok over oppdraget.
Sporten
Fleire spelarar har signert på nytt
Onsdag kveld tok Lysekloster A-lag imot Brann 2 til treningskamp i Lysekloster Family Arena. Her slo dei andrelaget til laget frå Idrettsveien i Bergen 2-1. Lysekloster sine mål vart skåra av Jacob Kvarven (10 min.) og Sander Marthinussen (41).
Sistnemnde har nett skrive under ny kontrakt med munkane. I lag med kaptein Alexander Dang har han skrive under ut inneverande sesong.
Torstein Hildal, Jørgen Nordvold Lunde, David Tufta og Jacob Jacobsen Bolslø har skrive under til og med 2026.
Ny frå Sotra er Mats Åserud. Han har skrive under til og med 2025-sesongen.
Neste treningskamp for Lysekloster er på Åsane Arena mot Sandnes Ulf komande laurdag.
Siger i årets første heimekamp
Fredag skulle Lysekloster møta Brann 2 til treningskamp på Åsane Arena. Den kampen blei aldri noko av grunna vêret.
Sander Mathinussen skåra eitt av måla i treningskampen mot Brann 2 i Lysefjorden onsdag. Kampen blei utsett til i dag, onsdag. Heime i Lysefjorden gjekk kampen av stabelen, og det var heimelaget som trekte det lengste strået.
Etter skåringar frå Jacob Kvarven og Sander Marthinussen vann Lysekloster 2-1.
Tett oppgjer i Oshallen
Det blei jamt i fjor haust då Os-damene spelte borte mot Tromsø. Då var laga like gode med 25-25.
Søndag var det klart for det omvende oppgjeret. I Oshallen hadde Tromsø skaffa seg eit forsprang på fire mål før kvilen, eit forsprang heimelaget ikkje klarte å henta opp.
Nye kampar til helga: Os-trenar Kenneth Husebø og spelarane får høve til å henta heim poeng til helga. Då reiser dei til Fredrikstad, der dei skal spela både laurdag og søndag. Arkiv/Benjamin Søgnen Olsen Det enda med tap 29-32 for Os-damene søndag.
Alt til helga ventar to kampar for damene. Då skal dei spela borte mot Fredrikstad Bkl 2 laurdag og Østsiden Fredrikstad søndag.
Tap for Askøy
Herrelaget til Os Fotball spelte treningskamp i Vestlandshallen laurdag.
Berre eitt mål blei produsert i kampen, og det var det Askøy som fekk. Dermed enda kampen med eit knipent tap for Os.
Avlyst kamp
Fredag kveld skulle Lysekloster spela treningskamp mot Brann 2 i Åsane Arena.
Den kampen kom aldri i gang som planlagt. Vêret skal ha ført til at laga måtte finna ny dato.
I ei tekstmelding opplyser Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik, at dei vil forsøka igjen på onsdag klokka 16.
Ventar smekkfull hall
Sparebanken Vest Arena har offisiell opning laurdag, og ifølgje klubben er det snart ikkje plass til fleire publikummarar på den store dagen.
Det er eit maks tal som får lov til å vera i hallen samstundes, og under legging av kunstgraset for to veker sidan, orienterte leiinga i idrettslaget om at mange hadde meld sin ankomst.
Dagen før dagen fortel leiar Bjarte Aarvik at det framleis er plassar att.
– Truleg vil folk koma laurdag utan å registrera seg på førehand. Det er fint om folk kan registrera seg, slik at vi har oversikt. Det er framleis plassar att, seier Aarvik, som oppmodar til å bruka kollektivtransport.
Nytt idrettsanlegg tek form
Hausten 2023 fortalte Venjar IL om planane dei hadde for idrettsanlegget sitt på Fusa.
Dugnadsgjengen kunne i fjor haust fortelja om intenst arbeid. Då nærma dei seg å kunna starta på ringmur til padelbane og klubbhuset.
Foto: Benjamin Søgnen Olsen Bilete frå denne veka syner at dei har kome eit godt stykke vidare sidan då.
Etter planen skal heile anlegget vera ferdig og klart til våren.
Har signert ny keeper
23 år gamle Fredrik Sivertsen Bergslid har signert kontrakt med Lysekloster som strekkjer seg ut 2026.
Det melde klubben torsdag.
Keeperen kjem frå Stjørdals–Blink, og har vore innom ei rekkje ulike klubber i karrieren så langt.
I ei sak på Lysekloster.no er 23-åringen sitert på at han hadde planar om å flytta til Bergen til hausten for å ta master, men at han først og fremst valte Lysekloster fordi at han kjende seg ønskt av trenarteamet.
Fredrik Sivertsen Bergslid Lysekloster IL – Klubben er i god utvikling, på veg framover, og forholda ligg godt til rette for å ta nye steg som fotballspelarar, seier han i den saka.
Debatt
-
Om å stikke hodet i sanden!
-
Nei! Golfbanen er ikkje byggeland
-
«Derfor er budsjettet ulovleg»
-
Nytt år og nye moglegheiter: Ta ansvar for din eigen digitale kompetanse
-
Veggen mot fjorden – skammens vegg
-
“Billig” brøyteanbod - men kvar er kvaliteten?
-
«Songar ved frysedisken»: Kunne ha tina ein frossen-laks på no time
-
Eventyret om den vesle mannen og det store kommune-trollet
-
Bonusordning – «en glede for hele folket»
-
Her er både Skyss og Fjord1 uskuldige
Omdiskutert stenging:
Siste saker på osogfusa.no
-
Kvinna som døde var hytteturist
-
Otto hev seg på flyet da det ble klart at søsteren skulle gå parstafett i VM
-
Ragnhild vil ha med seg én medalje til fra VM i Sveits
-
Meiner kommunen braut lova. Kjøpte tenester for 11,8 millionar kroner utan anbod
-
Her trassar ei gråtkvalt Maria si livslange frykt
-
Ville oppheva budsjettvedtaket. Slik stilte kommunestyret seg til saka
-
Lykkelig Ragnhild etter første VM-medalje: -Denne sølvmedaljen er gull verdt for meg
-
Kvinne i 70-åra omkom etter å ha falle i sjøen
-
Spanderer lågterskeltilbod til ungdomen i vinterferien
-
Ferske tal: - Gir grunn til auka uro for ein del av ungdomane våre