Fleire flyktningar kjem til Os i 2016 enn nokon gong tidlegare. Illustrasjonsfotoet er frå sykkelopplæring i regi av Frivilligsentralen og vaksenopplæringa.
Fleire flyktningar kjem til Os i 2016 enn nokon gong tidlegare. Illustrasjonsfotoet er frå sykkelopplæring i regi av Frivilligsentralen og vaksenopplæringa.

Tredobla talet flyktningar til Os

Kommunestyret gjekk inn for å ta imot 45 flyktningar årleg. Men ingen einslege mindreårige. - Hjarterått, meinte MDGs representant.

- 51 millionar er no på flukt frå død og elende. Dette er ei flyktningskrise - ikkje ei migrasjonskrise. Elles hadde dei ikkje vore villige til å dø i fluktforsøket.

Det sa Sandra Austgulen (Ap) i løpet av kommunestyremøtets mest omdiskuterte sak tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Historisk sett har Os kommune teke i mot relativt få flyktningar årleg - talet har lege på 10 og 15 -, kvart år mindre enn kva IMDi har bede om. Men den ekstraordinære flyktningsituasjonen i 2015 har utløyst ei tverrpolitisk semje om å vera rausare. I kommunestyret var spørsmålet "kor raus"?

Flyktningen som blei bussjåfør

Medan MDG føreslo 65 flyktningar årleg, og 75 flyktningar i 2017, nøydde Ap seg med å føreslå 65 flyktningar i 2016, og Frp/H 45 flyktningar i 2016 og 2017, og deretter 40 flyktningar i 2018 og 2019. MDG og Ap sine tal var basert på den sisteoppmodinga frå Fylkesmannen av november, medan Frp/H sine tal var basert påFylkesmannens oppmoding frå august(i vedtaket stod det september, men dette er ikkje rett).

- Eg jobbar for Tide buss. Me har 35 nasjonalitetar blant sjåførane våre i Fana og Os. For to år sidan fekk eg spørsmål om me skulle tilsetja ein mann frå kurdistan, sa Arild Mads Nilsen.

Mannen var politisk flyktning, og hadde vore torturert i fengselet. Han viste fram sår laga av pistolkuler, kniv og sigarettglør under jobbintervjuet.

- Med mitt sosialdemokratiske, raude hjarte valde eg å tilsetja han. I dag er han ein av dei gode sjåførane me har. Kvar gong han ser meg takkar han meg for at han fekk sjansen. Det er inga tvil om at desse menneska er ein ressurs. Så eg vonar at alle kan vera med på å ta i mot 65 flyktningar, sa Nilsen.

Quo vadis, KrF?

Størst spaning var knytt til korleis Venstre og KrF ville plassera seg. Ville dei ladet nye budsjettsamarbeidet med Frp/H styra valet, eller ville dei leggja seg på ei meir radikal line? Nils-Anders Nøttseter (MDG) kasta hansken først.

- Nasjonalt har KrF den mest progressive partileiaren. Då vil det forundra meg om KrF lokalt går for berre 45 flyktningar. Er dei bundne av budsjettsamarbeidet? Det vil vera skuffande for meg, sa Nøttseter.

Han meinte også at det ville vera "hjarterått" å ikkje ta i mot nokon mindreårige, slik Frp/H hadde føreslått i formannskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er utruleg trist. Javisst er det vanskeleg å ta i mot einslege mindreårige. Men det er også dei som har mest behov for hjelp. Fylkesmannen ber spesielt om at denne gruppa får ein sterk auke. Ein får også ekstra pengar for kvar mindreårige ein tek i mot. Det er hjarterått å seia at me ikkje har kapasitet når me har all moglegheit til å skaffa oss det, sa Nøttseter.

Spørsmålet splitta KrF

I valkampen gjekk Os KrFs frontfigur, Jakob Enerhaug (KrF), til angrep på Frp/H for manglande "proaktivitet og moglegheitstenking" i flyktningspørsmålet. Dei hang etter, i staden for å styra prosessen. Men no signaliserte han at han ville gå for Frp/H sitt forslag basert på august-tal.

- Eg har ikkje problem med å vedgå at eg er ueinig med Hareide. Eg har gjeve beskjed til KrF sentralt at eg ikkje er einig i standpunktet om at staten kan koma til å overstyra kommunane i denne saka. Me stør intensjonane, men sjølve talet kan best vurderast lokalt, sa Enerhaug. Han gjekk i rette for Nøttseter for å bruka karakteristikkar som "hjarterått".

- Det ordet synest eg ikkje me skal bruka. Det vert feil å seia at ting er hjarterått når ein strekkjer seg for å ta imot 45 flyktningar. Me gjer ikkje dette av taktiske omsyn, men me opplever at å ta i mot 45 er å strekkja seg - det er ei stor oppgåve, sa Enerhaug.

- Dessverre var det eine svaret bom. Eg karakteriserte ikkje talet 45 som hjarterått, men at ein går for å ikkje ta i mot ein einaste mindreårig asylsøkjar, repliserte Nøttseter.

Då det seinare kom til røysting, viste deg seg at Enerhaug ikkje snakka på vegner av heile KrF si tomannsgruppe. Enerhaug røysta for Frp/Hs 45 og 40 flyktningar, medan Anne Turid Bjørnevik røysta for Arbeidarpartiets framlegg (65). I spørsmålet om mindreårige røysta Enerhaug nei til å ta i mot nokon av desse, medan Bjørnevik røysta mot båe alternativa.

Kvifor binda seg i 4 år?

Gisle Hesjedal (Ap) utfordra Frp på forslaget om å binda talet flyktningar kommunen skal motta for dei neste fire åra.

- Er det særleg klokt? Kva om flyktningstraumen med eitt minkar kraftig, skal me likevel liggja på same talet som i eit ekstremår? Ingen av oss kjenner framtida, difor er det uklokt å binda seg opp fire år fram i tid, sa Hesjedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Søviknes (Frp) svarte på både dette, og på kvifor han meinte at det var rett seia nei til einslege mindreårige .

- Me ønskjer å gje dei som kjem eit best mogleg tilbod. Då må administrasjonen som skal gjera jobben ha forutsigbarheit. Det handlar også om bygningsmassen vår. Den må me truleg byggja om for at han skal tilfredsstilla krava. Alternativt må ein leiga eller byggja nytt. Å planleggja bustrukturen er krevjande i ein fase med oppskalering og vekst, sa Søviknes.

Votering:

Etter fleire lange rundar med diskusjon som var like mykje innom internasjonale og nasjonale forhold, som lokale, la til slutt alle partia korta på bordet gjennom voteringa:

MDG sitt framlegg til punkt 1:

Os kommune tek imot og buset 65 personar med flyktningbakgrunn i 2016 og 75 i 2017. Dette vedtaket er utan atterhald som t.d. inkludering av familiesameinte i talet. Dette er i tråd med tilråding frå Fylkesmannen av november 2015.

(2 røyster og fall: 2 MDG)

Ap sitt framlegg til punkt 1:

Os kommune tek i mot 65 flyktningar og herav 20 einslige 2016. Dette er i tråd med tilråding frå Fylkesmannen av november 2015. Familiesameinte må vera del av den totale busetjinga.

(14 røyster og fall: 7 Ap, 2 MDG, 2 Sp, 1 KrF (Anne Turid Bjørnevik), 2 TvS)

Administrasjonen og Frp/H sitt framlegg til punkt 1:

Os kommune tek imot 45 personar med flyktningbakgrunn i 2016 og -17, og 40 i 2018 og -19. Til saman 170 personar i perioden 2016-19. Dette er i tråd med tilråding frå Fylkesmannen av sept. 2015. Familiesameinte må vera del av den totale busetjinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

(23 røyster og vedteke: 14 Frp, 4 H, 2 V, 1 KrF (Jakob Enerhaug), 2 TvS)

MDG sitt framlegg til punkt 2:

Os kommune vil av desse flyktingane minst ta i mot 20 einslege mindreårige i 2016 og minst 32 einslege mindreårige i 2017, i tråd med tilrådinga frå Fylkesmannen av nov. 2015.

(6 røyster og fall: 1 Ap (Sandra Austgulen), 1 TvS (Torunn Øvredal), 2 MDG, 2 V)

Frp/H sitt framlegg til punkt 2:

Os kommune har parallelt med auken i tal busette ikkje kapasitet eller naudsynt kompetanse til å busetja einslege mindreårige asylsøkjarar, ref. tilrådinga frå Fylkesmannen av nov. 2015.

(19 røyster og vedteke: 14 Frp, 1 KrF (Jakob Enerhaug), 4 H)

MDG sitt framlegg til punkt 3:

For å gje føreseielege rammer for oppbygging av flyktningtenesta i kommunen legg kommunestyret til grunn at nivået på 65-75 personar er minimum per år for perioden 2016-19.

(2 røyster og fall: 2 MDG)

Frp/H sitt framlegg til punkt 3:

For å gje føreseielege rammer for oppbygging av flyktningtenesta i kommunen legg kommunestyret til grunn at nivået på 40-45 personar er endeleg for perioden 2016-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

(19 røyster og vedteke: 14 Frp, 1 KrF (Jakob Enerhaug), 4 H)

Frp/H sitt framlegg til punkt 4:

Os kommunestyre ber administrasjonen fremja sak med oppjustering av Budsjett 2016/Økonomiplan 2016-19 som følgje av denne saka.

(Samrøystes vedteke)

Frp/H sitt framlegg til punkt 5:

Os kommunestyre ber også administrasjonen om å utarbeida ein bustadstrategi knytt til mottaket av flyktningar i perioden 2016-19, herunder kapasitet i eigen bygningsmasse, ombygging av eigen bygningsmasse, kapasitet i den private leigemarknaden, ev. utvikling av nye prosjekt tilpassa målgruppa, konsept som leige til eige osv. Tiltaka vert å prioritera og kostnadsrekna i høve framdrift med busetjing i fireårsperioden 2016-19.

(Samrøystes vedteke)

Frp/H sitt framlegg til punkt 6:

Os kommunestyre ber flyktningtenesta ta initiativ for i større grad å involvera frivillig sektor i integreringsarbeidet i Os kommune.

(Samrøystes vedteke)

H sitt framlegg til punkt 7:

Mottak og busetjing av flyktningar er ei heilskapleg oppgåve som forpliktar. Kommunen må i større grad bidra med språkpraksis- og arbeidspraksis-plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

(Samrøystes vedteke)