Budsjettet for 2016 vedteke
- Puslete næringssatsing! Stakkarsleg miljøsatsing! Tradisjonen tru vart budsjettvedtaket akkompagnert av frisk debatt mellom partia.
Årets siste kommunestyremøte var også det første der den nye dynamikken mellom opposisjonen og stor-koalisjonen kunne utfalda seg. Venstre og KrF har som kjent gått saman med Frp/H i budsjettsamarbeid for neste år, medan Ap, TvS, MDG og Sp utgjer ein tydeleg raudgrøn motpol. Dermed var det fleire som drog parallellen til situasjonen på nasjonalt nivå, der dei styrande samarbeidspartnarane er akkurat dei same.
- Den koalisjonen som fungerer nasjonalt, kan også fungera lokalt, sa Eirik André Hesthamar (Frp).
Artikkelen held fram under annonsen.
Her finn du «Os og Fusaposten» sitt samandrag avFrp/H/KrF/V sitt budsjettforslag.
Her er tilsvarande samandrag avAp/TvS/MDG/Sp sitt budsjettforslag.
Forklaring frå "vingle-venstre"
Venstre, som har bak seg ein valkamp dei sjølve introduserte ved lansera ein visjon for korleis dei skulle kvitta seg med Frp/H-styret, hadde eit sterkt behov for å forklara kvifor dei no hadde hoppa over gjerdet igjen.
- Me har ein tøff valkamp bak oss, og nokon vil kanskje reagera på at me no inngår budsjettsamarbeid med Frp/H. Men når ein er politikar har ein eit overordna ansvar for å få til løysingar, sa Jon Sivert Rykkel (V).
- Når osingane no har vist at dei ikkje ønskte seg eit regimeskifte, så er me nøydde til å ta konsekvensane av det, la partifelle Glenn Erik Haugland til.
- Me har først og fremst ein lojalitet til vårt valprogram og ikkje til opposisjonen i seg sjølv, sa Rykkel. Skule, lokale arbeidsplassar og miljø var dei tre store sakene til Venstre i valkampen, og dei argumenterte for at dei hadde fått gjennomslag for mykje på desse felta i samarbeid med Frp/H/KrF.
Med 2,3 mill. kroner i årleg styrking til prosjekt betre læringsresultat, og 1 mill. kroner til kjøp av læremiddel, var Venstre nøgde med storkoaliasjonens skulesatsing. Og stimuleringa til fleire arbeidsplassar ved tilsetjing av ein ny næringsutviklar var både eit gode i seg sjølv og god miljøpolitikk, ifølgje Venstre.
- Å få fleire arbeidsplassar i Os er også klimatiltak nummer éin. Os er ein stor pendlarkommune, og transportsektoren er ein klimaversting. Dersom me kan redusera pendlinga ved å få fleire arbeidsplassar i Os, er det ein stor miljøsiger, sa Haugland.
Artikkelen held fram under annonsen.
KrF sin kyrkjetun-siger
Jakob Enerhaug i Os KrF forklarte at dei hadde prøvt å samtala med opposisjonspartia før dei gjekk til Frp/H/V.
- Samtalane me hadde tydde på at me ikkje ville få gjennomslag for nok av politikken vår. Etter interne diskusjonar takka med ja til å samtala med posisjonspartia. Og det viser seg at me har greidd å få gjennomslag for fleire gode KrF-saker. Han nemnde særleg lånegaranti til Kyrkjetunet og den kommunale eingongsstøtta på to mill. kroner til same tiltaket.
- Fordelen med å vera eit sentrumsparti er at me kan samarbeida til både retningar. For vår del er ingen dører stengt for framtidig samarbeid, sa Enerhaug.
- Puslete og stakkarsleg
Medan Venstre kritiserte opposisjonen sitt budsjettforslag for å vera "puslete" når det gjaldt næringssatsing, svarte opposisjonen at Venstre sitt miljø-gjennomslag var "stakkarsleg.
- Eg er litt skuffa over at opposisjonen er slappare i forhold til det som bør vera jobb nummer ein, å få fleire lokale arbeidsplassar i bygda, sa Haugland.
Nils-Anders Nøttseter (MDG) svarte at ingen i salen er ueinige at det bør arbeidast for fleire lokale arbeidsplassar.
- Ut over det er det berre rullering av klimaplanen Venstre har fått gjennomslag for. Det er ganske stakkarsleg, sa Nøttseter, som fekk svar på tiltale frå Rykkel.
- Når me går ut av denne salen i dag, er eg ganske sikker på at me har fått gjennomslag for meir av vår miljøvenlege politikk enn de har for dykkar, sa venstremannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tøff prioritering?
Elles var det Tone Hepsøe (Ap) som la fram det alternative budsjettforslaget på vegner av Ap/TvS/MDG/Sp.
- På grunn av den store låneveksten, meiner me at me må bremsa litt når det gjeld investeringar. Me må konsentrera oss om det som er naudsynt, heller enn ei rekkje symbolprosjekt, sa ho.
Espen Aspenes (Frp) ville vita kva symbolprosjekt Arbeidarpartiet sikta til, og fekk svar frå Helge Steinum.
- Det er til dømes bølgjebrytarar og bubilparkering. Det er kjekt å ha, men me treng det strengt tatt ikkje, sa Steinum.
- Opposisjonens store bodskap er at me må prioritera tøft pga. den høge gjelda. Men dei har jo ingen tøffe prioriteringar sjølv. Dei har inne både støtte til Fjellheim og til barnehage i sentrum. Enkelte ville nok karakterisera det som "kjekt å ha", sa Jon Sivert Rykkel.
Sikra ja til søndagsfri
Etter kvart kom det til votering. Frp/H/V/KrF sitt budsjett vart vedteke med dei 22 røystene i koalisjonen. Opposisjonen ville røysta separat over dei 23 verbalforslaga dei hadde kome med. Dei fekk gjennomslag for følgjande tre verbalforslag:
* Os kommunestyre vedtek at kommunen skal etterstreba å tilby lærlingeplassar i alle relevante einingar (Røysting: einstemmig).
* Os kommunestyre ønsker ikkje at det skal opnast for auka søndagshandel i Os. Os kommunestyre vil sei nei til auka tilgang til søndagsopne butikkar dersom regjeringa opnar for at kommunane kan vedta dette (Røysting: 2 KrF, 2 V, 2 MDG, 2 SP, 7 Ap, 1 H (Marie Bruarøy) og 1 Frp (Oddgeir Bjoarvik)).
Artikkelen held fram under annonsen.
* O?s kommunestyre vedtek at det som handlingsregel skal føreliggja ein heiltidskultur i kommunen som seier at nye stillingar så langt det let seg gjera lysast ut i 100 prosent (Røysting: Samrøystes, minus 2 Frp.
* Os kommunestyre ber rådmannen ta kontakt med fylkeskommunen for å følgja opp strategien i innfartsparkering, jf. sak 97/2014 i kommunestyret. Rådmannen skal foreslå aktuelle areal for innfartsparkering langs eksisterande kollektivlinjer første halvår 2016. (Røysting: Samrøystes)
* Os kommunestyre ber rådmannen ta kontakt med fylkeskommunen for å følga opp utbygging av gang- og sykkelveg strekningane Hjorthaug-Ådnadalen og Haugekrysset (FV137) til og med Valle bru. (Røysting: Samrøystes, minus 1 Frp)
Det dei sa nei til
Nokre utvalde verbalforslag Frp/H ikkje ville vera med på: Eit antikorrupsjonsprogram, Idretts-SFO, opne programvarelisensar, fleirbrukshall på Søfteland, rusfrie helgetiltak, lokalhistorisk museum i Prestegarden. Dei øvrigekan lesast her i botnen av dokumentet.