Strålande marknad i strålande sol
Motorsagkunst, hønsedritebingo, leirgaukar og sjølvsagt dravle. Det var mykje å finna på, både for store og små, på Strandvikmarknaden laurdag.
Laurdag inviterte Liv & Lyst tradisjonen tru til Strandvikmarknad i Strandvik.
Dravlen fekk som vanleg bein å gå på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I år har vi kokt i to dagar. I fjor kokte vi berre éin dag, og då hadde vi altfor lite, fortel Britt Sagen og Irene Tveit.
150 liter til saman har det blitt. Likevel må damene visa ei viss varsemd. Vona om å få med seg eit spann heim må venta, i alle fall ei stund til.
– Vi sel fersk dravle fram til klokka 14. Det som eventuelt vert til overs kan folk få kjøpa med seg heim, seier dei to damene.
Ekte vevkjerring
Strandvikmarknaden er ei sals- og utstilingsmarknad, og av utstilliarane som hadde teke turen til bygda, var Ranveig Lunestad frå Ulvik. Lunestad er ei ekte omreisande vevkjerreing.
– Eg har halde på med veving i 30 år. Når året er omme, er lageret mitt alltid tomt, fortel ho.
Lunestad handvever løparar og veggteppe, men også filleryer.
– Eg arbeider med eit tradisjonelt handtverk på tradisjonelt vis. Det er kjekt å kunna skapa noko sjølv, og få høve til å vera sin eigen herre, seier vevaren.
Tord Sørheim og Johannes Dalland er på marknaden med ein varebil full i koste-, økse- og sleggeskaft, river, og små og store ljåer. Det var bestefaren deira, Hans Dalland, som starta verksemda. I dag er det far til Johannes, Haldor Dalland, sm står i bresjen for arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi hjelper til når vi har tid, fortel dei to søskenbarna.
Ny oppleving
Tradisjonen tru var det både frukost, hønsedritebingo, andeslepp og korsong på marknaden. Av andre ting som stod på programmet var motorsagkunst, leirgaukverkstad og popkorn. Sistnemnte var av essensiell tyding for Isabella Løberg Reiertsen (7).
– Vi er nett komne, men eg har sett at dei har popkorn, seier 7-åringen nøgd.
– Og hønsedritebingo. Det er heilt nytt for ho. Dei har ikkje slikt i "byn", seier bestemora hennar og smiler.