Last ned: Hugs også å lasta ned den nye appen. Denne gir ei endå betre lesaroppleving.

Ny nettside og ny app: Slik loggar du inn

Os & Fusaposten er komen i ny drakt. - Berre ta kontakt om du treng hjelp til innlogging eller nedlasting av den nye appen.

Publisert Sist oppdatert

Det seier abonnementsansvarleg, Leif Juvik.

For deg som lesar betyr oppgraderinga at du må logga deg inn på nytt for å lesa sakene på osogfusa.no. Sjå brukanvisning nedst i saka.

Første gong du loggar på blir du beden om å oppretta eit nytt passord.

Du blir rettleia gjennom heile prosessen, men treng du hjelp eller undervegs, er du sjølvsagt velkomen til å ta kontakt med oss for å få assistanse.

– Vi står klare om det skulle vera noko, seier Juvik.

Hugs også å lasta ned den nye appen. Denne gir ei endå betre lesaroppleving. 

Appen er tilgjengeleg for nedlasting i App Store og Google Play. Søk opp Os & Fusaposten.

Når du har lasta ned appen, hugs å huka av for "Varslingar" under "Innstillingar" nedst til høgre i appen. Då får du melding rett på mobilen om siste nytt og større saker.

Med den nye nettsida ønskjer Os & Fusaposten å ta nye steg når det kjem til digital historie-forteljing, og både nettsida og den nye appen skal gje sakene eit løft.

Også papiravisa har fått ei oppgradering.

Bakgrunnen for oppgraderingane er at Os & Fusaposten har gått over til nytt produksjons- og abonnementssystem.

Powered by Labrador CMS